Eikelandsosen symjehall

Symjehallen på Fusa-sida i Bjørnafjorden kommune ligg ved skuleanlegga i Eikelandsosen.

Symjesesesongen startar 8. september og varer til til 1. mai. Bassenget er 16,5 m x 8 m, med rampe som lettar tilgangen for rørslehemma. Det er også eit mini-basseng for dei minste på bassengkanten, og badstover knytt til kvar garderobe.

Anlegget gir eit godt høve til både symjetrening for dei minste, badeaktivitet for barn og unge og trim for vaksne. 

Opningstid:

Tysdagar 17-21 
Torsdagar 17-21 
Laurdagar 12-15 

Måndagar 14.15-15.15 varmtvasstrening for vaksne med fyioterapeut.

Skulane og lag/organisasjonar brukar bassenget utanom dei faste opningstidene.

Kva kostar det?

Prisane finn du i avgiftsregulativet for Bjørnafjorden kommune, som blir vedtatt av kommunestyret i desember kvart år.

Du kan kjøpe både enkeltbillettar og kort i symjehallen. Betal kontant eller med Vipps.

Tilbod:

  • Familiebading klokka 17-20 tysdag og torsdag, og klokka 12-15 laurdag.
  • Mosjonssymjinging for vaksne etter klokka 20 tysdag og torsdag
  • Vassgymnastikk for vaksne med instruksjon av fysioterapeut måndag klokka 14.15-15.30

Organisasjonar kan også nytte hallen på ledige kveldar. Idrettsskulane har hatt tilbod om bading i sitt program.

Lag som er interesserte i å bruke symjehallen utanom dei faste opningstidene, kan ta kontakt for avtale.

Varmtvassbading

På måndagar er vatnet ekstra oppvarma til 32 grader. Symjehallen er då reservert grupper med særlege behov, t.d. fysisk funksjonshemma, dagsenter for psykiatri og dagsenter for psykisk utvklingshemma.

Bruk av bassenget

  • Badetida er ein time.
  • Barn under 10 år må ha følgje av ein vaksen over 18 år.
  • Hugs badehette.
  • Ta omsyn til andre som badar.
  • Følg reglane for tryggleik, hygiene og orden i symjehallen, og rett deg etter det badevakta seier.
  • Vi set stor pris på at du ryddar etter deg når du går.

Les også:

Trygg i bassenget (PDF, 303 kB)

Hygiene- og ordensreglar (PDF, 380 kB)

 

Badevakt
Barn i bassenget
Makstal personar i bassenget
Dette er ikkje lov
Stuping

 

Hugs å dusja!
Dette er ikkje lov
Pass på verdisakene dine
Badehette
Bleiebarn og bading

 

 

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146