Informasjon til jegerar om innlevering av hjortekjevar

Informasjon i samband med overvakingsprogrammet for hjortevilt 2022-2026 – delprosjekt HJORT

Landbrukskontoret håpar på god oppslutning om innsamlinga av kjevar frå felt hjort og tilhøyrande opplysningar frå alle jaktfelt og -vald. 
Godt samarbeid er ein føresetnad for dette prosjektet, og det er viktig at informasjonen om kjeveinnsamling når fram til alle jegerane.

Innlevering av underkjevar i 2024

Bjørnafjorden kommune vest 

Underkjevar frå alle felte hjort i Bjørnafjorden vest (gamle Os kommune) skal i år leverast til Os jakt og fiskelag v/Hogne Markhus/Jan Erik Larsen. 

  • Legg kjevane ferdig merka med merkelappar og pakka i papirpose i kassa merka med “Kjeveinnsamling” ved Ulvehiet, Ulvenvegen 343. 
  • Merkelappar kan du hente i Kommunetorget på Bjørnafjorden rådhus måndag, tysdag og torsdag kl. 10-14. Ta kontakt med landbrukskontoret om du ikkje kan hente i dette tidsrommet. Det vil vere reservelappar ved Ulvehiet som kan hentast ved behov.

Samnanger kommune

Underkjevar frå alle felte hjort i Samnanger kommune skal i år leverast til Samnanger jeger- og fiskarlag v/Harald Kvalvåg. 

  • Legg kjevane ferdig merka med merkelappar og pakka i papirpose i kassa merka med “Kjeveinnsamling” ved Raunekleivvegen 30 i Hisdal.
  • Merkelappar kan du hente på Tysse kommunehus måndag-fredag, kl. 9-15. Harald Kvalvåg har reservelappar ved behov.

Tysnes kommune

Tysnes kommune har ikkje vore del av denne faste innsamlinga, men kommunen har over tid hatt ein aukande hjortebestand. Det er difor ønskjeleg å inkludere Tysnes i eit systematisk innsamlings- og analyseprogram for aldersbestemming, jamfør vedtak i utval sak 32/25 av Utval for landbruk/teknisk den 8.4.2025. 

På denne måten får ein meir presis kunnskap om bestanden si samansetning, bestandsutvikling og effekten av forvaltingsstrategiane som vert nytta. Det vil òg støtte opp under Tysnes kommune sin hjorteviltstrategi. 

  • Underkjevar frå alle felte hjort i Tysnes kommune skal i år leverast til Tysnes jakt- og fiskelag v/Jostein Meland og Bjarte Erstad. 
  • Legg kjevane ferdig merka og pakka i papirpose på ein av følgjande stader:
    • Teknisk drift, Uggdalsdalen 15, i kassa merka med “Kjeveinnsamling” utanfor kontoret til Teknisk drift (i underetasjen i gamle sjukeheimen).
    • Hos Jostein Meland, Liastrando 98 på Årbakka. 
    • Hos Bjarte Erstad, Spannsteigen 3 i Våge. 

Merkelappane kan du hente på Tysnes rådhus på kvardagar mellom kl. 9 og kl. 15. Bjarte Erstad og Jostein Meland vil ha reservelappar som kan hentast ved behov.

Om overvakingsprogrammet for hjortevilt 2022-2026
Kvifor innsamling av kjevar?
Kva er jeger/valda si oppgåve?
Merkelappar og registrering av individdata
Resultat og rapportar frå analysane

Kontakt

Linda Hovde Nordås
Rådgjevar
Mobil: 97007232