AktueltHer finn du nyheiter og informasjon om møte som kommunen arrangerer eller deltar på. Følg med om det skjer noko der du bur. Simen Soltvedt Det kan vere møte kommunen vil planlegge og invitere til sjølve, som folkemøte og bransjetreff. Så langt vi klarer, vil vi òg vere tilgjengelege dersom vi blir invitert med i møte med næringslivet, lag og organisasjonar.Kva skjer?Velkommen til folkemøteVi vil gjerne ha mange innspel frå dei som bur og lever i Bjørnafjorden. Men arbeidet med kommuneplanen sin arealdel er ein svær prosess, med dokument stappfulle av faguttrykk. Verkar det ugjennomtrengeleg? Det skjønar vi godt. Derfor inviterer vi til folkemøte, for å informere så godt vi kan, og svare på spørsmål. Måndag 13. oktober 2025 klokka 18-20 i Eikelandsosen Tysdag 14. oktober 2025 klokka 18-20 på Osøyro Følg med her på heimesida, vi legg ut lokale straks det er bestemt. På folkemøta vil det bli informasjon om planprosessen, korleis ein kan komme med innspel og det vil bli tid til å stille spørsmål.Tysdag 20. mai 2025 klokka 18: Ope møte i Kommunetunet i EikelandsosenInfokveld om Kommuneplanens arealdel (KPA)Plan- og byggesakssjef Idar Landro informerer.Kva er eigentleg ein KPA?Korleis kan du som innbyggjar kome med innspel? Bestill avtaleKlikk på lenka for å bestille telefonsamtale eller møte med oss: Bestill avtale med planavdelinga Sist endra 29.09.2025 10:36