Budsjett og økonomiplan

Økonomiplanen tar utgangspunkt i dei langsiktige måla, strategiane og utfordringane i kommuneplanen, og fortel korleis kommunen skal bruke ressursane for å nå politisk vedtatte mål.

Årsbudsjettet er første året i økonomiplanen, og fortel korleis kommunen skal bruke inntektene sine for å gi tenester til innbyggjarane. Eit krav til budsjettet er at kommunen ikkje brukar meir til drift enn det kommunen mottar av inntekter same året.

I Bjørnafjorden kommune er det rammebudsjettering, som vil seie at politikarane vedtar dei økonomiske rammene for drifta på sektor-nivå. Kommunedirektøren fordeler så midlane til dei ulike tenestene.

2025

Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2025/økonomiplan 2025-2028

Behandling i formannskapet 05.12.2024:

I møtet blei lagt fram

Budsjettdokument 2025 – 2028 frå Sv (PDF, 214 kB)
Budsjettdokument 2025 – 2028 frå Ap (PDF, 381 kB)
Budsjettdokument 2025 – 2028 frå FrP/H/KrF/INP (PDF, 549 kB)

Votering:

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 fekk 0 røyster.

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 med dei endringane som går fram av budsjettdokumentet frå SV fekk 1 røyst.

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 med dei endringane som går fram av budsjettdokumentet frå Ap fekk 2 røyster.

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025 – 2028 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2025 – 2028 frå FrP/H/KrF/INP fekk 6 røyster, og blir dermed Formannskapet si innstilling til kommunestyret i saka.

Har du merknader til budsjettet?

Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjettet for 2025 og økonomiplanen 2025 – 2028 inkl. gebyr- og prisliste for 2025 blir lagt ut til offentleg ettersyn etter formannskapet sitt møte 05.12.2024. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 19. desember 2024.

Send merknad

Frist for å sende inn merknad er 18. desember 2024
 

Budsjettdokument frå andre parti:

Budsjettdokument 2025 – 2028 frå MDG (PDF, 661 kB)
Sp - Budsjett og økonomiplan 2025-2028 (PDF, 888 kB)

I kommunestyremøte 19.12.2024 blei det lagt fram oppdaterte budsjettdokument frå nokre av partia:

FrP H KrF INP - Budsjett og økonomiplan 2025 - 2028 oppdatert 19.12.2024 (PDF, 553 kB)
Ap - Budsjett og økonomiplan 2025-2028 oppdatert 19.12.2024 (PDF, 383 kB)
SV - Budsjett og økonomiplan 2025-2028 oppdatert 19.12.2024 (PDF, 217 kB)
 

Tidlegare år sine budsjettframlegg

Budsjettframlegg for 2024
Budsjettframlegg for 2023
Budsjettframlegg for 2022

 

Sjå også: Tertialrapportar og årsmeldingar