Hjartetre 2025: Eg ønskjer å motta gåve

Slit du med å få endane til å møtest før jul? Vi er mange som ønskjer å hjelpe! 
Meld deg på innan 20. november 2025, og få bidrag til innkjøp av daglegvarer til jul og julegåver til barna dine (0-18 år).

  • Julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre

    Saman om ei god jul for alle er mottoet for julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre, som i år blir arrangert for tredje gong. Over 300 bjørnafjordingar fekk julegåver til barna sine og bidrag til innkjøp av julemat i fjor.

    • Prosjekt Hjartetre er eit fellesprosjekt mellom Os frivilligsentral, Fusa frivilligsentral, eldsjeler, hjelpeorganisasjonar, kommunale einingar og næringsliv i kommunen vår. 
    • Målet for prosjektet er å spreie glede og varme til barn, unge og familiar som har det ekstra trongt i samband med jul, gjennom eit felles julegåveprosjekt kor privatpersonar og næringsliv kan oppfylle juleønske frå barn og unge i nærmiljøet. 
    • Prosjektet har fått namnet sitt frå “hjartetrea” du vil finne på Amfi Os, Fjord'n senter og Kafé Kulí når det nærmar seg jul. På desse juletrea vil det henge hjarte med gåveønske frå barn mellom 0 og 18 år i Bjørnafjorden kommune. 
    • Alle som vil, kan ta med seg eit hjarte og oppfylle eit gåveønske. Det vil òg bli mogleg å bidra på Vipps. 

    – Aller først må vi vite kor mange som ønskjer å motta hjelp. Påmeldingsfrist er 20. november 2025. 
    Deretter kjem vi tilbake med meir informasjon til alle som ønskjer å bidra, seier Stine Kobbeltvedt og Hege Varhaug-Lekven i Os frivilligsentral og Kristin Almås i Fusa frivilligsentral, som har ansvar for gjennomføringa av prosjektet.