Hjartetre: Vil du glede nokon som har lite til jul?

Mange familiar i Bjørnafjorden har ikkje råd til julegåver til barna sine, eller til å handle inn noko ekstra til julefeiringa. Vil du vere med å oppfylle eit juleønske?

Julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre samlar inn gåveønske frå barn 0-18 år i Bjørnafjorden kommune. Ønska kan vere leiker, klede eller opplevingar for familien.
Kvart ønske blir skrive på eit hjarte, som deretter pyntar hjartetrea som står på Amfi Os, Kafé Kuli og Fjord'n senter i førjulstida. 

Alle som vil og har moglegheit, kan ta med seg eit hjarte og oppfylle ønsket som står på. 

Hjartetreet på Kafé Kuli er dekorert med ønske frå vanskelegstilte barn og familiar i Bjørnafjorden. Du kan ta med deg eit hjarte og oppfylle ønsket som står skrive på det. Hjartetre finn du òg på Amfi Os og Fjord'n nærsenter.
  • Slik kan du gi

    Oppfyll eit ønske på eit hjartetre:

    • Hjartetre på Amfi Os og Kafé Kuli frå 15. november 2025
    • Hjartetre på Fjord'n senter frå 22. november 2025

    Ta med deg eit hjarte og oppfyll ønsket som står på. Du kan levere gåva i butikken/kafeen du handlar i eller levere sjølv hos Os frivilligsentral eller Fusa frivilligsentral innan 5. desember 2025.

    Du kan vippse til #830959 Prosjekt Hjartetre

    eller overføre til kontonummer 1506.70. 74685, merk “Hjartetre”, Os frivilligsentral

    Prosjektet gir bidrag til innkjøp av julemat til familiar og enkeltpersonar i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

    Tusen takk for at du er med på å lage eit varmare samfunn!

Prosjekt Hjartetre

Julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre er eit fellesprosjekt mellom frivilligsentralane, eldsjeler, hjelpeorganisasjonar, kommunale einingar og næringsliv i kommunen vår. 
Målet for prosjektet er å spreie glede og varme til barn, unge og familiar som har det ekstra trongt i samband med jul, gjennom eit felles julegåveprosjekt kor privatpersonar og næringsliv kan oppfylle juleønske frå barn og unge i nærmiljøet. I tillegg vil dei gi bidrag til julemat for dei som treng det. 

Bjørnafjorden kommune ved Os frivilligsentral har ansvaret for prosjektleiing og økonomi. Fusa frivilligsentral koordinerer arbeidet i Fusa-delen av kommunen.