Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til deg mellom 13 og 23 år. Her kan du snakke med helsesjukepleiar og lege. 
Vi kan gi råd, rettleiing og tilby undersøking om det trengs. Vi kan vise deg vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det.  Vi har tett samarbeid med lokale legekontor og Helsestasjon for ungdom i Bergen.
Alle vi som jobbar på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Her finn du oss

Helsestasjon for ungdom Osøyro

  • Du finn oss i Ung Arena i Os Aktiv-bygget, Oshaugen 2, 5200 Os (ved Os ungdomsskule)
  • Opningstid: måndag og torsdag kl. 14.30 - 16.30. 
  • Du treng ikkje timebestilling
  • Du kan òg ringe eller sende melding til helsesjukepleiar Annika på telefon 957 85 736 eller Tonje på telefon 469 37 521

Helsestasjon for ungdom Eikelandsosen

  • Kontakt oss gjerne for avtale, vi har kort ventetid og er fleksibel på kvar vi kan møte deg. 
    Kontakt Tonje på telefon 469 37 521 eller Susanne på telefon 979 65 039
Aktuelle tema å ta opp på helsestasjon for ungdom
Andre tilbod
Nyttige telefonnummer