Parkering i Os sentrum

Det er innført betalingsløysingar på fem kommunale parkeringsplassar på Osøyro. Reglane er litt ulike frå plass til plass. Under finn du ei oversikt over parkeringstider, betalingsløysingar, tal på gratistimar og korleis du går fram viss du vil leige fast parkeringsplass for ein månad eller eit år.  

  • Kva er startavgift?

    Vestpark opererer med ei startavgift på parkering. 
    Startavgift vil seie at når ei betalt parkering startar, står “parkeringstaksameteret” allereie på for eksempel 37 kroner.

    Du unngår denne startavgifta viss du betalar

    • med automatisk belastning i appen.
    • på betalingsautomat, og er medlem i UNUM kundeklubb eller klikkar ja til å bli medlem i UNUM kundeklubb.
    • på nett innan 48 timar, og klikkar ja til å bli medlem i UNUM kundeklubb.

    Du får altså ein rabatt som tilsvarar startavgifta, og startar på null kroner. Dette er det Vestpark kallar fordelsparkering.

    Du må betale heile parkeringsbeløpet, inkludert startavgifta, dersom du

    • betalar parkeringa på nett innan 48 timar, og klikkar nei til å bli medlem i UNUM kundeklubb.
    • vel å få faktura tilsendt (anten per post eller e-faktura). Du får då eit fakturagebyr i tillegg til startavgift og parkeringsavgift.

Kva reglar gjeld kvar?

Ved Rådhuset - 2 timar gratis
Giskavollen parkeringshus, og tak - 2 timar gratis
Byvegen 2 - 2 timar gratis
Oseana - 9 timar gratis
Fjellheim - 9 timar gratis (NB! Her må du alltid registrere i appen EasyPark)
HC-parkering
Har du spørsmål? Kontakt VestPark AS

 

  • Parkeringa ved Irisgården er ikkje kommunal. Irisgården AS administrerer betalingsløysinga på desse parkeringsplassane.