Her finn du tappepunkt for vatn
Bjørnafjorden kommune har seks tappepunkt for større vassuttak. Desse tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå leidningsnettet.

Her finn du vasspostane:
- Gåsakilen pumpestasjon ved Storestraumen.
- Ådnadalen pumpestasjon, ved Ulvenvegen 340.
- Vallebrua pumpestasjon/Hegglandsdalen.
- Halhjem ferjekai pumpestasjon.
- Torsneset pumpestasjon, ved bubilparkeringa i Eikelandsosen
- Fusa brannstasjon, Eikelandsheiane 2
På vasspostane er det vanleg nor-kopling, men dei skal òg vere utstyrt med eit lokk som gir moglegheit for fylling med gardena-kopling.
Vi tillet vanligvis ikkje uttak frå brannhydrantar. Hydrantane har spesiallås, slik at dei berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.
Sist endra 23.10.2025 12:48