Omsetningsoppgåve for sal av alkohol
Alle som har eit sals- eller skjenkeløyve for alkohol må kvart år betale eit løyvegebyr til kommunen. Kor stort gebyret blir, er avhengig av kor mykje alkohol du har seld.
Du må logge deg inn med ID-porten for å fylle ut skjemaet.
For å fylle ut skjemaet treng du:
- Organisasjonsnummeret til verksemda
- Omsetningstal for året du rapporterer for
- Innbetalt løyvegebyr (sum) for året du rapporterer for.
Desse vedlegga må òg følgje skjemaet:
- Fullmakt, dersom du ikkje er dagleg leiar eller styreleiar i selskapet.
- Dersom verksemda har revisor, må du legge ved revisor si stadfesting på tal på liter med alkoholhaldig drikk som vart omsett førre år, jamfør attestasjonsoppdrag ISAE 3000.
Dersom verksemda ikkje har revisor, må du legge ved rekneskapsførar si stadfesting.
Utan desse vedlegga reknast omsetningsoppgåva som ikkje levert.
Kva skjer etter at oppgåva er sendt inn?
Når du har fylt ut omsetningsoppgåva, blir ho sendt elektronisk til Økonomiavdelinga i Bjørnafjorden kommune, som vil behandle oppgåva. Omsetningsoppgåva dannar grunnlaget for løyvegebyret du må betale for inneværande år.
Frist for å levera omsetningsoppgåva er 1. april kvart år.