-
26. januar 2026
Har du sendt innspel til KPA? Fristen nærmar seg
Fristen for å sende innspel til kommuneplanen sin arealdel (KPA) er 15. februar. Så langt er det kome inn 59 innspel. Planavdelinga vil gjerne ha endå fleire. Har du forslag til arealbruk i kommunen vår? Send inn i dag!
-
26. januar 2026
Kva skjer i 2026? Møt ordføraren på næringslivsfrukost
Ordførar Terje Søviknes, Bjørnafjorden kommune og Bjørnafjorden næringsråd inviterer til næringslivsfrukost i Oseana kunst- og kultursenter onsdag 4. februar.
-
21. januar 2026
Ny ordning for veglys langs privat veg
Langs private vegar i Bjørnafjorden varierer det om det er vegeigar eller kommunen som betalar for veglysa. No får den eller dei som eig vegen ansvar for kostnaden for veglyset. Kommunen tilbyr avtalar om drift og vedlikehald.
-
15. januar 2026
Brukarundersøking om tryggheitsalarm: Liten knapp kan gi stor tryggleik
Om lag 400 bjørnafjordingar har tryggleiksalarm, og er såleis berre eit tastetrykk unna hjelp om uhellet skulle vere ute. No skal vi gjennomføre ei undersøking blant eit utval brukarar av tryggleiksalarm og deira pårørande. Formålet med undersøkinga er å måle kor tilfredse brukarane og deira pårørande er med tryggleiksalarmen, slik at vi kan vidareutvikle og forbetre tenesta. Brukarar vil bli kontakta på telefon, medan pårørande får undersøkinga på SMS.