Velkommen til Kuhnletunet dagsenter, der målet er at alle skal ha ein meiningsfull kvardag.

Hos oss står meistring og trivsel i fokus.
Alle som er på Kuhnletunet dagsenter får tilpassa aktivitetar og trening ut frå sine føresetnadar. Kommunikasjon er ein viktig del i dette arbeidet.

Vi trener opp funksjonar som brukaren har mista eller aldri har hatt. Vi øver på sosial evne i kvardagen og gjer tiltak som tar sikte på å løyse meir spesifikke problem.

Våre miljøterapeutar og miljøarbeidarar utviklar miljøet saman med brukarane , og alle jobbar mot same mål.

Vårt viktigaste mål er at alle skal få brukt sine evner, alle skal ha ein meiningsfull kvardag, og saman jobber vi for eit godt miljø.

 

 

Artikkelliste