NAV-tenesterDu finn svar på det meste på nav.no. Du kan kontakte oss alle dagar på telefon 55 55 33 33 eller på www.nav.no/skrivtiloss (Ditt NAV). Du kan òg chatte med oss. Her finn du NAV BjørnafjordenTenester og tilbodSkal du søke sosialhjelp? Då må du logge inn med bank-ID og søke digitalt. Dersom du ikkje har bank-ID, kan du sende papirsøknad (PDF, 150 kB)per post. Ver merksam på at det er lengre behandlingstid for søknader som er sendt på papir. Økonomisk sosialhjelp: Mellombels inntekt til livsopphald. Kvalifiseringsprogrammet: Opplæring, arbeidstrening og oppfølging slik at du kan kome deg ut i arbeid. Økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving: Hjelp til å handtere gjelda di og få økonomisk rettleiing. Mellombels butilbod: Er du i ein naudssituasjon utan nokon stad å bu, kan NAV hjelpe deg med å finne ein mellombels bustad. Sist endra 15.03.2024 14:14