Skjemaet gjeld både deg som søker for første gong og for deg som skal fornye løyvety
Du kan søke digitalt her: Søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma '
Har du behov for å lagre undervegs i utfyllinga, trykker du på "lagre". Du vil finne søknaden du har starta på , på sida "mine skjema". Etter at skjema er ferdig utfylt trykker du på "Send". Den går da digitalt til Avdeling for forvaltning og koordinering.
Papirsøknad: søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma (PDF, 227 kB)
Legg ved:
- Legeerklæring - skal fyllast ut av lege og leggast ved søknaden. Legeerklæringa skal vere fylt ut med opplysningar om din medisinske situasjon, diagnose, kor mange meter du er i stand til å gå utan/med hjelpemiddel, og om du brukar krykker, stokk, rullator eller rullestol. Legerklæringa utgjer det medisinske grunnlaget for vurderinga av søknaden din.
- Søker du som førar, må du legge ved kopi av begge sider av gyldig førarkort. Er du fylt 75 år, må du legge ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens vegvesen etter at helseattest er lagt fram.
- Søker du som passasjer, skal du legge ved kopi av ID-kort.
- Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, så legg ved dokumentasjon på dette.
- Viss kjøretøyet ditt har rullestolheis eller skinner, må du legge ved dokumentasjon frå til dømes ombyggjar eller leverandør eller eit bilete der også registreringsnummer viser.
Send søknaden med legeattest og nødvendige vedlegg til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere søknaden i Kommunetorget på rådhuset i Os eller på Kommunetunet i Eikelandsosen.
Har du parkeringsløyve og skal fornye det?
Ver ute i god tid, og send inn ny søknad med nødvendige vedlegg seinast ein til to månader før det løyvet ditt går ut.