Legevakt og naudnummer

Bjørnafjorden legevaktsentral er open heile døgnet, alle dagar. Ring 116 117. Merk: Alle telefonsamtalar til 116117 blir tatt opp og loggførte.

Ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade: Ring 113

Dersom du ikkje er alvorleg eller akutt sjuk/skadd, ta kontakt med fastlegen din i kontortida.

Her finn du Moberg legevakt

Adresse: Mobergsbakken 111, beredskapsbygget for legevakt og brannstasjon på Moberg. Sjå kart.

Her finn du Eikelandsosen legevakt

Adresse: Leiro 33, 5640 Eikelandsosen. Sjå kart.

Bjørnafjorden og Samnanger interkommunale legevakt er ei avdeling i Eining for legetenester i Bjørnafjorden kommune.
Administrativ avdelingsleiar er Trude Fjæreide. Legevaktoverlegen har det øvste medisinske ansvaret. Bjørn Petter Aasheim Johannesen er konstituert legevaktoverlege.

Om betaling på legevakta

Convene handterer betaling på vegner av legevakta i Bjørnafjorden kommune. Dersom du ikkje betaler i betalingsautomaten på legevakta, blir faktura med gebyr ettersendt. 

Tannlegevakt

Dersom du har ein akutt tannskade eller behov for å stanse smerte, kan du få hjelp på tannlegevakta i Solheimsgaten på Danmarksplass i Bergen. Les meir om tannlegevakta

Kontakt

Bjørnafjorden legevaktsentral
Telefon: 116117
Mobil: 56570370