Ønskjer du å leige terapibassenget på Luranetunet i 2026?
Du kan leige terapibassenget på Luranetunet på både dag- og kveldstid, og du kan leige for enkelttimar, annakvar veke eller på faste dagar. Vi har noko ledig på dagtid fredagar, og ein del ettermiddag/kveld onsdagar, litt torsdagar og fredagar. Ta kontakt for å få vite meir.
Om bassenget
Helsefremming og rehabilitering har ansvar for drift og utleige av terapibassenget på Luranetunet. Bassenget er 5 x 9 m, og 90–150 cm djupt. Bassenget har trapper ned i vatnet, men er òg tilrettelagt med heis.
Minst ein av leigetakarane må ha livredningskompetanse/nyleg gjennomført livredningskurs , og det kan vere maks. 10 personar i bassenget på same tid.
For meir informasjon
Ta kontakt med bassengansvarleg Sissel-Mette Kanestrøm på telefon 959 35 237 eller send e-post
Sist endra 15.01.2026 15:33