Fysioterapi

På dagsenteret er det tilsett ein fysioterapeut som har ansvar for oppfølging og behandling av pasientane. Behandlinga er basert på undersøking og vurdering av pasientens problem og kva pasienten sjølv ønsker hjelp til. Målet er at han eller ho kan holde ved like eller betre funksjonsevna, utnytte egne ressursar og bidra aktivt i å betre egen helse.

Gymsalen var ny i 2015 og er mykje i bruk. På huset har vi også eit behandlingsrom med utstyr til fysisk utfalding. Vi har mellom anna fysioballar, spinningsyklar, matter, strikk, rullebrett og balanseputer.

Fysioterapeuten har også ansvar for oppfølging av innowalker og andre hjelpemidler. 

Fysioterapeuten er med på badegruppene på Luranetunet og leier styrketreningsgruppe vi har ein gong i veka.

gym 1