Fys-mus er eit tilbud som er basert på eit tverrfagleg samarbeid mellom fysioterapeut og musikkterapeut. Dette er utgangspunktet for fys-mus timene som blir haldt av fysioterapaut og musikkterapaut kvar torsdag. Dette tilbodet er primært retta mot rullestolbrukare som av ulike grunnar ikkje kan forflytte seg sjølv.
Eit viktig mål i fys-mus er trening av motorikk. I tillegg er det et fokus på å lære å kjenne og forstå sin eigen kropp gjennom ulike stimuli. Musikken og strukturen på timane bidrar til å understøtte det som skjer slik at det bidrar til forutsigbarheit og gjenkjenning. I tillegg er musikken med på å motivere og inspirere til deltaking i dei ulike aktivitetane.




