Matlaging

Matlaging er ein aktivitet som er fast på timeplanen kvar fredag. Då er det vaffelsteiking, kaffe og saftlaging til vaffelkos på stovo. Dette er ein tradisjon som har vore lenge på dagsenteret.

Det vert og laga lunsj både til brukarane og personalet. Maten er laga fra botn av, og det vert laga blant anna lasagne, foccaciabrød, pizza, rundtykke, ostehorn og suppe. På fine dager om våren og sommaren grillar vi pølser og hamburgarar. Vi har og ein bålpanne som vi kan bruke på kalde dager. Her lagar vi det lappar og grillar pølser.

Kvar brukar har sine oppgåver og til høgtider dekker vi langbord der alle et felles lunsj.