Sanserom

Sanserommet blir også kalla det kvite rom. Alt er kvitt, og rommet har ein innbydande og behageleg atmosfære. Effektane i rommet stimulerar alle sansane.

Det er inspirert av Snoezelen – eit prinsipp som kjem frå Nederland. Det starta på 70–talet og går ut på sanslege opplevingar og aktivitetar. Tanken er at brukarane blir nysgjerrige og aktivt søker inntrykk og opplevingar, samtidig som dei passivt tar imot sanseopplevingar. Føremålet er avslapping og avspenning.

Rommet blir brukt av mange brukarar, også av andre enn dei som høyrer til dagsenteret.