Ordførarkalenderen gjer eit sprang i kommunetid og -rom, tilbake til året Fusa blei delt i tre. Strandvik var pådrivar til delinga, og Fusa sa javel, det er greitt. Hålandsdalen streka det dei kunne, men til ingen nytte. Erik Holdhus blei første ordførar i Hålandsdalen. Første økta hans var 1903-04, men han hadde mykje ugjort, og kom tilbake som ordførar både i 1908-10 og 1917-31.

Fusa forlet Os og Samanger i 1855 og blei eigen kommune, underdelt i soknekommunane Strandvik, Hålandsdalen og Fusa, som behandla saker som berre gjaldt eige sokn. Med krevjande geografi og delvis lokalt styre på stadig fleire område, var det kanskje ikkje så overraskande at det i 1898 kom forslag om deling av Fusa.
Ulemper ved å stå aleine
Departementet gav klarsignal til deling i oktober 1900, og 16. mars 1901 vedtok Fusa heradstyre deling, med 16 mot fire stemmer. Det kunne blitt fleire nei, men fire mann frå Hålandsdalen, tre frå Strandvik og ein frå Fusa hadde forfall. Hålandsdølane meinte at for dei var det berre ulemper med å bli skilt ut til eigen kommune. No var det heilt nødvendig å bygge vegar til avsidesliggande gardar, men det kom til å bli altfor dyrt for eit lite herad. Og dei same vassdraga som var til ulempe med flaum og skade i Hålandsdalen, gav vasskraft til industrien og dermed skatteinntekter i Fusa og Strandvik. Deling i tre var ikkje aktuelt, meinte Hålandsdalen, det måtte trekkast nye grenser. Men argumenta beit ikkje på verken Fusa eller Strandvik. Dei ville ikkje ha Hålandsdalen. (Heilt seriøst, sett frå 2025 er det ikkje til å fatte. Hallo? Kven vil vel ikkje ha Hålandsdalen?)
Gjekk i gang med friskt mot
Dermed blei Erik Holdhus første ordførar i Hordaland sitt minste herad - i folketal, vel å merke. Han hadde site i heradstyrert i gamle Fusa, og no var det berre å brette opp ermene og gå i skattediskusjonar med gamle kollegaer frå Fusa og Strandvik. Elles var det å sette tæring etter næring, sjå framover og jobbe med det ein hadde. Heradstyret i Hålandsdalen vurderte å kutte i talet på skuleveker og slå saman skulekrinsar, og dei tok opp banklån for å klare drifta. Samtidig gav dei ikkje opp, men planla ei rekke bygdevegar, og tenkte langsiktig.
Nok er nok
I 1917 blei Erik Holdhus valt til ordførar for tredje gong, og sat i 15 år. Frå første dag begynte han å føre møtebøkene på nynorsk. Til valet i 1922 var det for første gong to lister i Hålandsdalen. Namna Bondelagslista og Gardbrukarlista kan tyde på at dei ikkje stod så langt frå kvarandre. Ved valet i 1931 sa Erik Holdhus frå seg gjenval. Han hadde gjort sitt.
Biblioteket har meir gøy kommunehistorie!
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.