Opne luke 14: 1861. Osingane får fastbuande lege. Det er ein høgrisikojobb.

Johan Leganger var ordførar frå 1858 til 1861 i Os og Samnanger. Siste året av perioden hans, i 1861, fekk Os for første gong ein distriktslege som var busett i kommunen. 

Johan Leganger (1822-1900), portrettert av Sigurd Bugge.

Rett nok blei det oppretta ei distriktslegeordning alt i 1820, men den einaste distriktslegen i Hordaland hadde ansvar for Hardanger og Voss. Det hjelpte lite her omkring. 

Høgrisiko sjukebesøk

Å vere distriktslege på 1800-talet kunne vere livsfarleg. Du kom stadig i nærkontakt med smittsomme sjukdommar som det ikkje fanst medisinar for, og legedistrikta var store, med krevjande ferdselsvegar. 

Den første legen som hadde fast tenestestad i Os, var Johan Henrik Olsen. Han kom i 1861, men døydde alt i 1864 av tyfoidfeber.  Andreas Stoltenberg overtok stillinga i 1864. Det blei òg ein kort karriere med ein dramatisk slutt. I 1868 var Stoltenberg på sjukebesøk til Strandvik. Båten kullsegla på veg tilbake til Os, og både Stoltenberg og dei to skysskarane hans omkom. 

Dagens legevakt dekker Ous herad

Mange har sterke meiningar om dagens helsetenester, og det må jo folk ha lov til. Men ein ting er det vanskeleg å vere ueinig: blir du sjuk i dag, ligg du atskillig betre an enn i 1861. Dessutan er det heldigvis mindre risikabelt å vere lege i distriktet.
I dag er det vanleg å stå på lista til ein fastlege, og om du treng akutt hjelp utanfor fastlegen si kontortid, har vi legevakt på begge sider av fjorden i kommunen vår. Legevakta er ei interkommunal legevaktteneste for kommunane Bjørnafjorden og Samnanger, og dekker altså heile det området som var første versjon av Os kommune, eller Ous herad,  frå 1837 til 1855. Om det ikkje er til å bli nostalgisk av, er det i alle fall ganske ryddig, sånn lokalhistorisk sett. 
Les meir om kvar du finn den kommunale legevakta anno 2025, og kva du kan få hjelp til der. 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.