Paul Martin Sælen (1927-2008), portrettert av Kåre KristiansenHeilt frå 1937 hadde det vore semje om at Os trong nytt kommunehus. I det første året av Paul Martin Sælen sin ordførarperiode skaut saka fart, då kommunestyret i desember 1976 vedtok å bli med på prosjektet med å bygge eit nytt forretnings- og kontorbygg på Osøyro.
Snart i hus?
Lokalavisa Midhordland kunne i januar 1980 presentere forslag til teikningar av det planlagde Sentrumskvartalet. Administrasjonen i Os kommune sine prekære plassproblem kom til å vere løyst “når første byggesteg av Sentrumskvartalet truleg er ferdig om tre år”, altså i 1983, slo avisa optimistisk fast.
Stort fleirtal for rådhus i Haugsnesfjæra
Vi hoppar til 1987, Sælen sitt siste år som ordførar. I åra mellom hadde han blant anna opna Os idrettshall, det var blitt gkjennomfartsveg frå Lønningdal til Samnanger, og brua over Lepsøysundet var tatt i bruk. Så det var ikkje det at ikkje skjedde store ting. Men nytt rådhus var stadig uavklart. Ei rådhusnemnd vurderte i 1987 ni (9!) tomtealternativ i sentrum, forkasta sju, og landa på to: å bygge om ungdomsskulen til rådhus, eller bygge nytt i Haugsnesfjæra. I september 1987 landa dei på Haugsnesfjæra. Då slapp ein styret med å bygge ny ungdomsskule, og Os kom til å ha rådhus på plass innan 1990, var planen. Kommunestyret vedtok Haugsnesfjæra-alternativet med 29 mot 6 stemmer.
Spør ein ven
Alt som skjedde både før og etter det vedtaket, og som endte med at kommuneadministrasjonen i Bjørnafjorden i dag ikkje sit samla aust om elvo, er såpass kronglete og komplisert at det hadde trengt 24 luker. Minst. Blir du nysgjerrig? Spør nokon som var der, eller søk i gamle aviser.
Kongebesøk på topp
Etter 12 innhaldsrike år i ordførarstolen takka Paul Martin Sælen for seg. Han heldt fram i formannskapet for Samlingslista, men tre periodar som ordførar var nok. I eit oppsummerande intervju hausten 1987 i den splitter nye lokalavisa Os&Fusaposten framheva Sælen kor god hjelp han som ny i vervet hadde fått av forgjengaren sin, ordførar Alfred Monsen (Ap), og roste elles godt samarbeid over partigrensene. Som tre høgdepunkt i ordførartida valte han seg kong Olav sitt besøk i Os i 1982, at snøggbåtruta blei redda, og opninga av Lepsøybrua.
Historisk hus på tur
Han kunne gjerne lagt til eit fjerde, for sjølv om det å lande ny rådhusløysing hadde vore ei seig sak, var det på hans vakt det gamle kommunehuset blei flytta. Hadde mange nok tenkt heilt feil, kunne vi risikert at det i staden blei rive. Sånt skjer, faktisk.
Fredag 7. april 1986 blei heile bygget jekka opp, og i dagane som følgde blei huset slept varsamt frå der det stod (dagens rådhusadresse) over sliskar mot Kyrkjeflaten, med hårfin klaring på sidene. Den ganske så spektakulære flyttinga tok 12 dagar, og blei grundig dokumentert.
Filmen av flyttinga viser imponerande planlegging og gjennomføringsevne, i tillegg til tidsbiletet frå Osøyro 1986, og historisk HMS-tenking. Filmen varer i halvannan time. (Det er ikkje flaut å spole litt innimellom.)
I dag held Os frivilligsentral til i Det gamle kommunehuset. Bygget er framleis eit smykke, og fullt av aktivitet. Stikk innom og sjå deg om! Kanskje blir du til og med inspirert til å melde deg til ei triveleg og givande oppgåve som frivillig?
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.