Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (1981-), portrettert av Eirik Broll Stalheim
Ikkje berre tar ordførarkalenderen i dag steget inn i samtida - her snakkar vi til og med potensiell sanntid. Akkurat i det du opnar luke 18, kan det hende at varaordførar Marie Bruarøy blir tiltalt som ordførar i dagens kommunestyremøte, (dersom ordførar Søviknes skal på talarstolen eller blir kjent inhabil).
Opprykk
Då Terje Søviknes blei kalla til Oslo i desember 2016 for å bli olje- og energimininster for FrP, rykte Bruarøy opp. I september 2018 kom han plutseleg tilbake, og to år som ordførar var over for Bruarøy. Toårsperioden hennar var innhaldsrik, for å seie det pent. Det var dragkamp om endringar på Osøyro (som alltid). Den gamle brannstasjonen blei riven og erstatta av parkering i dagen (medan ein ventar på avklaring om parkering i fjell - akkurat den saka har muligens sin eigen undergrunnsjulekalender), debatten gjekk om OBE (Os Bygg og Eigedom) skulle overlate gamle Foreningen (som no nyleg er riven for å gi plass til nye Baronsgården med leilegheiter) til andre. Ordførar Bruarøy stod for den offisielle opninga av nye Luranetunet, ho gav ordre til siste salve i vestløpet til Skogafjelltunnelen, OHARA var på bordet (neida, vi skal ikkje snakke meir om det), og med Bruarøy som ordførar vedtok fellesnemnda at den framtidig samanslåtte kommunen skulle heite Bjørnafjorden. For å nemne noko.
Nasjonal toppsak
Men all politikk, økonomi og samanslåingsførebuing til side: i det nasjonale mediebiletet trumfa ei Os-sak alt anna i Bruarøy sin ordførarperiode: Hamnesjefen. Temperaturen blei til tider skummelt høg. Ok, beklagar, den saka veit lokale lukelesarar alt om, repetisjon trengst ikkje. Var du utanfor dekning heile sommaren 2017, seier du? Du finn tilnærma uendeleg mange saker på Internettet om svanesaka som sette Os på nyhendekartet i nokre veker.
Ny økt
Då Søviknes kom heim frå Oslo i 2018, var Bruarøy tydeleg (som ho ofte er, til glede for dei fleste og i blant til irritasjon for enkelte, om ein skal tru lokalavisspaltene, og det bør ein jo) på at ho gjerne skulle vore ordførar lenger. Og jammen baud sjansen seg igjen, då Søviknes returnerte til ny statsrådspost i 2019. Den økta varte til 2020. Dermed blei Bruarøy aller siste ordførar i Os kommune, og den tittelen skal det mykje til at ho må gi frå seg. Men for all del, det ligg ikkje til kalendermandatet å vere absolutt, og overraskande ting har skjedd før med norsk kommuneinndeling. Vi kan trygt slå fast at inntil vidare (og sannsynlegvis for alltid) kan Marie Bruarøy kalle seg siste ordførar i Os. Og ho blei definitvt andre kvinne i ordførarvervet i Os. Den står seg, uansett kva som elles skjer.
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.