Opne luke 20: 1937. Mikal Leigland runda av ordføraråra sine med kjempefest

2. oktober 1937, på 100-årsdagen for det aller første kommunevalet, møttest 257 gjester til fest på Solstrand for å feire Ous herad sitt store jubileum. 

Mikal Leigland (1879-1945)

Strandvik-ordførar Mikal Leigland var sjølvsagt på talarlista, og talte “for fedralandet, det som samlar oss alle og som sameinar bygdene”. Han var fødd i 1879, blei byggmeister som far sin, og sat i vegkomiteen på fylkestinget. I jubileumsåret 1937 hadde han site i heradstyret i 20 år, og vore ordførar samanhengande 1920-37, i seks strake periodar.

Strandvik hadde kontroll på økonomien

I boka som blei utgitt til 100-årsjubileet for både formannskapslovene og den første samla Os kommune, skreiv Mikal Leigland kapittelet om Strandvik herad 1903-1937. Han konkluderer med at per 1937 har Strandvik betalt ned på gjelda si i 18 år, “heradet si økonomiske stode er god”,  og han anslår at held ein fram slik, er Strandvik gjeldfri om åtte år (draumereplikkk for alle ordførarar til alle tider). Korleis verda skulle kome til å bli fillerista i løpet av dei åtte åra frå 1937, visste ingen då. 

Alle var med

Boka, eller festskriftet, er mildt sagt faktatett. Blant mykje anna er det med fem lister med namna på alle kommunestyremedlemmene dei første 100 åra i Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen. Dei som òg sat i formannskapet, står i kursiv. Fikst. Om du fell for freistinga til å sette opp ei tilsvarande komplett oversikt for åra 1937 til 2025, vil vi gjerne høyre om det.
Til jubileumsfesten var alle aktive og tidlegare kommunestyremedlemmer i dei fem kommunane invitert, “med sine konor” (beklagar, etter 100 år hadde det enno ikkje vore ei einaste kvinne representert), samt det du kan kome på av fylkeskommunale notabilitetar, pluss legar, prestar og lensmenn.  

Ekte temafest

Festkomiteen for 100-årsjubileet må ha kost seg. Feiringa var lagt opp som eit giga-kommunestyremøte, med opprop av alle 257 “representantar” (det har tatt si tid), val av "formannskap, ordførar og varaordførar" for festen. Talarlista var lang, dei song spesialskrivne songar, festlyden sende telegram til kongen og justisministeren (og fekk svartelegram frå begge seinare på kvelden med takk for innsatsen). 
Mange av deltakarane på 1937-festen hadde både 20 og 30 år bak seg i heradstyret. To av festdeltakarane, Gitle Kolle og Nils Røsseland, møttest til sitt første heradstyremøte 54 år tidlegare. Respekt. Etter middagen hadde både dei og andre gamle kollegaer mykje å snakke om “over ein røyk og ein kopp kaffi”, står det i oppsummeringa av den store festen. Det trur vi på. 

Berre å gle seg til 2037

Det var kjøpt inn ein “vakker protokoll”, der “alt som gjekk føre seg på møtet” blei skrive inn, og 233 signerte. Kvar er denne festprotokollen? Her er det å håpe at informerte kalenderlesarar kan opplyse oss. Siste setning i jubileumsboka handlar nemleg om protokollen (og om oss, folkens): 
“Boki skal gjøymast til næste 100 års høgtid og lesast upp den 2dre oktober anno 2037”. Det er ikkje så veldig lenge til.

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.