
Frå slutten av oktober 2019 og fram til årsskiftet var i praksis tre ordførarar og tre varaordførarar i arbeid. Os og Fusa var ikkje heilt historie, nokre oppgåver låg framleis hos dei utgåande kommunane. Frå 1. januar 2020 var det formelt berre Bjørnafjorden. Nytt namn, ny start, ny ordførar. Men dei to første åra fekk ikkje Trine Lindborg møtt så mange bjørnafjordingar andlet til andlet som ho hadde tenkt. Frå 12. mars 2020 blei det digitale møte, digital 17. mai-feiring, ein meter avstand, mykje snakk om smittetal, vaksiner, nærkontaktar, heimeskule, og stadig nye nasjonale retningsliner for kor mange som kunne vere samla inne og ute.
Smittsomme sjukdommar, historisk sett
I vår del av verda er det sjeldan landets ordførarar får ein alvorleg smittsom sjukdom å hanskast med. Det fekk Trine Lindborg, og då må kalenderluka hennar nesten ha med eit kjapt historisk sveip gjennom lokal smittehistorie etter 1837.
Dei første 50 åra av kommunesoga herja fleire smittsomme sjukdommar bygdene våre. På 1840-talet var det fleire rundar med tyfus. Kolrera spreidde òg frykt på 1840-talet, medan vi framleis var ein stor, samla kommune, og det blei etablert kolerakyrkjegardar på begge sider av fjorden.
På 1880-talet var bygdene plaga av difteri i fem-seks år. Av 167 smitta i vårt legedistrikt (Os, Fusa, Hålandsdalen, Samananger, Strandvik og Sund), døydde 35. Vaksinen har utrydda difteri her hos oss, men i andre deler av verda er det framleis ei helsefare. Ein kraftig variant av skarlagensfeber tok 43 liv i legedistriktet i 1882, seinare kom det lettare variantar som dei fleste overlevde.
Tuberulosen er ei soge for seg. Svært mange unge blei smitta og døydde. Frå 1875 til rundt 1920 var tuberkulosen skuld i rundt rekna 12 % av alle dødsfall her omkring. Veldig mange var unge, og skrekken for smitten var sterk og velgrunna.
Den første ordføraren som …
Covid til side. Fire år etter at ho gjekk inn døra på ordførarkontoret for aller første gong, sa Lindborg i avskilsintervju med lokalmedia at ho håpa at bjørnafjordingane tenkte at ho hadde vore ein ordførar for alle. Trine Lindborg var første ordførar i Bjørnafjorden kommune, og første kvinne som sat ein heil fireårsperiode. I sjangeren “første-ordførar-som…” har Lindborg dessutan sin heilt eigne originale, og ganske koselege, underkategori: Ho strikka lue til den aller første bjørnafjordingen. Om nokon brukar romjula på å finlese Ossoga og Fusasoga og oppdagar at nokon av dei 66 andre ordførarane våre sidan 1837 strikka lue til første innbyggar i ein av dei veldig mange ulike historiske kommunekonstellasjonane vi har hatt, så gi oss ein lyd.
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 år som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.