Terje Søviknes (1969-), portrettert av Eirik Broll StalheimTerje Søviknes blei valt inn i Os kommunestyre for Framstegspartiet for første gong 23 år ung. Til liks med mange av dei historiske ordførarkollegaene sine hadde han altså fleire periodar bak seg i kommunepolitikken før han overtok ordførarklubba. Frå ordførardebuten i 1999 har Søviknes klubba så mange store og små saker gjennom kommunestyret i først Os, og frå 2023 i Bjørnafjorden, at det ville vere meiningslaust å prøve å ramse opp eller løfte fram ei eller to eller ti.
Rett på nett
Ei av dei største endringane sidan Søviknes blei ordførar i sist årtusen er at alle nyhende er blitt digitale, og dermed er kommunepolitikk ei mediedekt ferskvare. Viktige politiske saker på alle nivå blir følgt og kommentert minutt for minutt. Viss du no brått begynte å lure på saksgangen i ei plansak, ei vegsak, ei skulesak (eller når var det Osbadet og Oseana opna no igjen, og når lanserte eigentleg Søviknes “Os inspirerer”?), så er svaret berre eit par klikk unna. I luke 18 og luke 22 kan du sjå når det var Søviknes hadde ordførarpausar for å vere høvesvis statsråd og i opposisjon. Vi overlet søket til deg, og skiftar til kjent kalendermodus: kommunehistorisk fugleperspektiv.
Fleire og fleire
Folketalsutviklinga illustrerer at det har skjedd ein heil del i landet og i kommunane sidan Terje Søviknes blei ordførar i Os i 1999. Det var 13 758 osingar i januar 1999 (og 3639 fusingar, for den som lurte), og ved tusenårskiftet hadde det auka til 13 896 osingar (og 3684 fusingar, som Asbjørn Heidal var ordførar for akkurat då). Siste oppdatering frå Statistisk Sentralbyrå seier at vi var 26 710 bjørnafjordingar i tredje kvartal 2025. Her går det unna.
Blir det rekord?
Ei rekke tidlegare ordførarar har, som Søviknes, styrt i fleire kommunar etter kvart som vi er blitt delt og slått saman igjen (her er det berre å gå på lukejakt i kalenderen). Frå første dag i Ous herad i 1837 har vi hatt til saman 67 ordførarar og veldig, veldig mange kommunestyrerepresentantar (berre å tilstå, vi har ikkje nøyaktig tal). Mange folkevalde har takka for seg etter ein periode, men for andre har det blitt ein livsstil å delta i styre og stell i heimkommunen. Det er ikkje uvanleg med to, tre og fire periodar. Gjerne fem. Unntaka er dei som sat i heradstyra i åtte og ni periodar, men det har skjedd. Søviknes er altså oppe og nikkar i rekordsjiktet, men trunar enno ikkje heilt på historietoppen (Kven har styrt lenger, spør du? Hæ, har du ikkje finlese alle lukene i kalenderen?)
Stort alvor
Kontrasten er enorm frå første heradstyremøte i 1838, med evig lang reiseveg og ei einaste sak på sakskartet (sjå luke 1), til dagens (relativt sett) effektive reiser og (objektivt sett) lange sakslister. Kommunebudsjetta er gigantiske og superinfløkte, men med lovpålagte oppgåver så omfattande at pengane likevel ikkje strekk heilt til. Dei folkevalde har ansvar for at innbyggarane får ein trygg barndom, god skule, ein verdig alderdom, fastlege og grøne lunger, for brøyta vegar, utvikling, reint vatn og veldig mykje meir, og dei veit at kvar einaste avgjerd dei tar, påverkar livet til ein eller mange innbyggarar på eitt eller anna vis, på godt eller vondt. Å styre kommune er alvor.
Takk frå 1837 til 2025
Det einaste du kan vere sikker på som folkevald, er at før eller seinare får du kjeft. Men i ein juleordførarkalender er det ingen kjeft å få (det skulle tatt seg ut). Og akkurat her, i luka til dagens ordførar i Bjørnafjorden, nummer to i rekka, er det uansett heilt på sin plass å takke. Takk til dei 67 ordførarane, og til alle dei hundrevis av menn og (etter kvart, takk og pris!) kvinner, som har stilt til val for å bruke tida, kunnskapen, livserfaringa og energien sin til beste for alle innbyggarane i kommunen. Ingen må tru at det er enkelt (eller, dei som trur det er enkelt, må jo få lov å tru det).
Kommunestyret og ordførar Terje Søviknes treng ikkje bekymre seg for at dei skal gå tom for oppgåver med det første. Og, lat oss no ta litt i på ei veslejulaftan: Bjørnafjorden er ein verkeleg vakker kommune. Viss du likar å vere tidleg ute med nyttårsforsetta, kan du like godt bestemme deg i dag for at du i løpet av 2026 skal sjå og oppleve alle bygder og krinsar i kommunen vår. Du har mykje fint i vente!
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 år som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.