Opne luke 24: God jul!

Gode bjørnafjording, takk for at du blei med på vår uhøgtidelege kommune- og ordførarhistoriske ferd gjennom desember. 

Holdhus gamle kyrkje. Fortidsminneforeininga

Ok, vi varsla 1. desember at det skulle kome eit utval på 24 ordførarar "frå 1837 til 2025 i nokså tilfeldig rekkefølge frå Ous, Strandvik, Hålandsdalen, Fusa, Os og Bjørnafjorden, og kommunal kuriosa frå periodane dei styrte.” Det viste seg å vere bitte litt upresist. Det blei ikkje 24, men 23 ordførarar i kalenderen. For på julaftan gir vi alle ordførararne våre fri, og køyrer ein liten vri på kalenderluka. (Du slepp altså ikkje heilt unna den daglege dosen kommunehistorie på den 24. heller. Ber over med oss.)

Presteskyssdebatt

Historia til alle dei vakre kyrkjene i Bjørnafjorden kunne lett ha fylt ein heil julekalender. Gamle kyrkjer har blitt rivne for å gi plass til større, det har vore kyrkjebrann og eigedomstvistar, og fleire av de tidlege ordførarane våre var prestar. Kalenderen kunne òg ha gravd djupt i alle diskusjonane om presteskyss. Frå 1837 var Ous eit stort prestegjeld, og heradstyret diskuterte jamleg kven som skulle betale for å skysse presten til preiker i dei ulike sokna. Det var ei stor kommunal sak som moderne ordførarar har sett mindre til. 

Obligatorisk kyrkjegang

Christian Vs Norske Lov frå 1687 påbaud folket å gå i kyrkja på heilagdagar, sjølvsagt inkludert første juledag. I 1814 stadfesta grunnlova kyrkjeplikta. Frå  1845 var ikkje kyrkjegang lenger lovpålagt, men sosialt i nabolaget låg du tynt an om du skofta kyrkjegangen. Tenk på den du kjenner i kommunen som bur lengst frå ei av kyrkjene, og sjå for deg kyrkjeferda rundt år 1840 frå veglause gardar første juledag, over islagte vatn,  fjell, skog og fjord. Strabasiøst var berre førenamnet. Alle friske vaksne hadde kyrkjeplikt. Stilte du ikkje, ble det bot. 

Kaldt i kyrkjebenkane

Ingen skal kunne seie at denne julekalenderen berre er tilbakeskodande. Holdhus gamle kyrkje i Hålandsdalen får julaftanluka, på vegner av alle kyrkjene i kommunen, og som eit frampeik mot jubileumsåret 2026. Fortidsminneforeininga, som har eigd kyrkja sidan år 1900, markerer i året som kjem at det er 300 år sidan Holdhus gamle kyrkje blei bygd om frå stavkyrkje til laftekyrkje. I vår tid er kyrkja vanlegvis open berre i sommarhalvåret, men 13. dag jul er eit unntak. Då blir Draumkvedet framført i Holdhus gamle kyrkje, og du har atså ein sjeldan sjanse til å kjenne litt på korleis det var for dei tidlege sambygdingane våre å sitte i kyrkjebenkane midtvinters. Det blir kanskje kaldt, men heilt sikkert fint. 

God jul! 

Bjørnafjorden kommune ønsker kvar einaste bjørnafjording (og alle andre som måtte ha snubla over ordførarjulekalenderen) fine og fredelege juledagar, og alt godt for året som kjem.