Opne luke 3: Hans Christian Krüger. Første sak i nye Fusa: tilsette jordmor

30. juni 1855 leia Hans Christian Krüger sitt siste møte i gamle Os herad, der han hadde vore ordførar frå 1852. Same dag møttest formannskapet i nye Fusa herad og valde Krüger til sin første ordførar.  

Hans Christian Krüger (1825-86), portrettert av Sigurd Bugge.

Hans Chrstian Krüger var son til første ordførar i samla Os, Hans Astrup Krüger (sjå luke 1). Hans Christian gjekk i faren sine fotspor både som ordførar, landhandlar på Skjørsand og som fylkestingsrepresentant og fylkesrevisor.  

Første kommunale teneste i nye Fusa herad 

31. august 1855 hadde heradstyret i nye Fusa sitt første sjølvstendige møte hos ordførar Krüger på Skjørsand. Dei var fulle av tiltakslyst, og tok tak i det aller viktigaste først: å tilsette jordmor for Fusa herad. I ei tid der ideen kommunalt tilsett var så godt som ukjent, er det betryggande å sjå at dei begynte i rette enden. 
Jordmora skulle få 10 daler i året i fast løn, så sant ho forplikta seg til å bu i Strandvik eller Fusa kyrkjebygd. Det var ikkje til å kome frå at dei fleste barselkvinnene i Hålandsdalen dermed framleis måtte klare seg utan hjelp frå utdanna jordmor. Kan det ha vore tenkt som ein slags kompensasjon når heradstyret i same møte vedtak å søke om at Hålandsdalen skulle få like mange medlemmer i formannskapet som dei andre soknene i heradet? 

Det gjeld å prioritere

At berre-menn-heradstyra prioriterte fødselsomsorgen, var langt ifrå sjølvsagt. I 1840 søkte ei ung kvinne heradstyret i den då samla storkommunen om støtte til å ta jordmorskulen og bli jordmor i Os prestegjeld. Heradstyret avslo, og svarte at det var ikkje bruk for noko jordmor i Os. Neivel.  
Men i 1855 gjorde heradstyret i Os og Samnanger som kollegaene i Fusa, og sette jordmorsaka på saklista i første møte. Dei vedtok å tilsette jordmor for heradet. Jordmora forplikta seg til å bu mellom Osøyro og Hatvik. Ho skulle trass alt - i alle fall i teorien - rykke ut fødslar frå Kvittingen til Skorpo og Gåssand, lenge før vi fekk kommunale vegar. Dei som dreiv jordmorskyssen var heldigvis gode til å ro. Brita Mæland blei tilsett, og hadde stillinga i nesten 50 år.  I 1872 oppretta heradstyret ei ny stilling som jordmor i Samnanger. 
I dag har Bjørnafjorden kommune fire jordmødrer. Gravide og nybakte mødrer får oppfølging i ved Os nærjordmorsenter og Eikelandsosen nærjordmorsenter. 

 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.