Opne luke 7: John Dale, Fusa-ordførar under heradskløyving og unionsoppløysing

John Dale frå Ådlandsfjorden var ordførar frå 1890 til 1910. Dei første 13 åra for det samla Fusa herad, og vidare i nye Fusa etter at sokna Hålandsdalen, Strandvik og Fusa blei tre separate herad i 1903. Då kong Haakon skulle krunast i Trondheim i 1906, blei Dale sendt på ærefullt oppdrag.  

Utover på 1890-talet fekk heradstyret i Fusa stadig meir å gjere, og vedtaka greip meir inn i kvardagen til innbyggarane. Derfor blei det bestemt at etter kvart møte skulle eit utdrag av møteboka sendast til Søndre Bergenhus Folkeblad, så folket kunne halde seg orientert. I dag kan du følge møta i kommunestyret, formannskapet og plan-, bygg- og miljøutvalet direkte på kommune-TV, og dersom du lurer på om du verkeleg høyrde rett, kan du spole tilbake og få det bekrefta eller avkrefta, alt ettersom. Saker og vedtak frå kommunepolitikken er tilgjengelege for alle. 

Fusa herad blir delt i tre

Diskusjonane i heradstyret i det samla Fusa utover på 1890-talet kunne vore interessant å ha på kommune-TV. Temperaturen var tidvis høg, og det hende nok at lokale interesser kolliderte. Strandvik sokn hadde flest innbyggarar, og sjølv om kollegaene frå Fusa og Hålandsdalen var imot, fekk strandvikingane ja hos fylket til kravet om at dei skulle ha fire representantar meir enn dei andre to sokna i heradstyret. I 1897 begynte heradstyret å planlegge deling av heradet, og slik blei det. Då heradstyret i nye Fusa møttest første gong i januar 1903, valde dei den erfarne ordføraren John Dale til å halde fram i vervet i den nye kommunen. 

Klart svar

I 1905 var det folkeavstemming om Noreg skulle forlate unionen med Sverige. Svaret frå nordmennene (bokstaveleg tala -mennene. Kvinnene fekk ikkje stemme, men samla 279 878 underskrifter til støtte for kongedøme) var eit rungande "ja!" I Fusa hadde 740 menn stemmerett. 93 prosent av dei stemte, kvar einaste ein sa JA. 
Stemninga mellom Noreg og Sverige var spent ein periode, men unionsoppløysinga blei fredeleg. Neste folkeavstemming, i november 1905, var om statsform. I Fusa stemte 73 % ja til kongedøme, i Os og Samnanger var talet 91 %. 

Full pakke i Trondheim

Til kruninga av kong Haakon og dronning Maud i Trondheim sende fylkesmannen to representantar frå Hordaland, Johannes Dale og ordføraren i Vikøy. Dei fekk ein begivenhetsrik dag, med kruningsseremoni i Nidarosdomen, og middag og soirée i kongeresidensen Stiftsgaarden. Dale kom heim med krunnigsmedaljen i sølv.  
John Dale var ordførar i 20 år, og hadde mange roller i fylkesstyringa. Då han døydde i 1910, kosta Fusa herad gravferda hans.  

Vil du lese meir? Stikk innom Bjørnafjorden bibliotek i EIkelandsosen eller på Os og lån "Heilt andre tider" band III, Ella Marie Brekke Vangsnes si glimrande soge om Fusa på 1900-talet. 

 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.