Same regelverk for all husdyrgjødsel
Du som held hest må anten bruke hestegjødsla på eige areal, levere til godkjend mottak eller til nokon som skal bruke gjødsla på sine areal. Regelverket krev minimum to dekar spreieareal per vaksen hest. Bønder som vil ta imot hestegjødsel må difor ha tilstrekkeleg spreieareal, slik at behovet for mellomlagring blir minimalt. Bruken av gjødsla skal gå fram av ein årleg gjødslingsplan, og det skal vere skriftleg dokumentert kor mykje gjødsel som er levert og tatt imot.
Krav til mellomlagring av hestegjødsel med meir enn 25 prosent tørrstoff
Det er lov å mellomlagre tørr gjødsel eller talle med meir enn 25 prosent tørrstoff frå hest rett på bakken fram til bruk, men ikkje lengre enn tre år. Kor stor mengde gjødsel du kan lagre avheng av tilgjengeleg spreieareal. Dersom mengda blir overskriden, er lagringstida mindre enn eitt år (sjå tidl. deponiforskrifta, no avfallsforskrifta §9-2). Gjødsla blir deretter rekna som næringsavfall og må behandlast deretter.
Gjødsla kan berre vere lagra på plassar utan fare for avrenning. Gjødsla må bli plassert slik at overflatevatn ikkje renn inn i haugen, og slik at avrenning ikkje kan gå rett i grøftesystem, bekk, elv, vatn eller sjø.
Kommunen kan stille krav om tak eller anna dekke over gjødsla for å skjerme mot nedbør. I praksis må ein alltid ha dekke over gjødsla for å sikre at gjødsla er tørr nok til å bli lagra på denne måten. Krava til utforming av lager følgjer gjødselvareføresegna.
Kompostering til eige bruk
Det er berre lov å lagre gjødsla fram til eige bruk eller levering. For å få best effekt av hestegjødsel som jordforbetring, vil det vere nødvendig med omdanning/kompostering (aerob eller anaerob) før bruk. Det er ein fordel å legge gjødsla på eit fast dekke. Dette vil både redusere faren for avrenning og gi enklare handtering og kompostering av gjødsla. For å sikre omdanning, må gjødsla bli snudd heilt (ikkje berre topplaget) minst ein gong i året. Aerob (med oksygen) kompostering i binge eller ranke føreset at gjødsla blir snudd fleire gonger, og slik gjennomgår ei raskare omdanning med mindre tap gjennom utgassing, samanlikna med anaerob (utan oksygen) kompostering.
Komposteringsanlegg på eigen gard blir sett på som lagring før bruk, og det er dermed tidsavgrensa kor lenge ein kan halde fram med komposteringa. Ved aerob kompostering er prosessen avslutta etter om lag fire til seks månadar. Ved anaerob kompostering må ein rekne med ca. eitt års tid. Prosessen er avhengig av ulike faktorar og kan difor avvike frå desse tala.
Spreiing på godkjent jordbruksareal
For å kunne spreie hestegjødsla på dyrka areal, er det etter gjødselvareføresegna krav om minimum to dekar tilgjengeleg spreieareal per hest. Mengda skal vere tilpassa gjødslingsbehovet på arealet og dokumenterast i gjødselplanen. Biproduktforskrifta regulerer spreiing av husdyrgjødsel og anna innhald frå meltingsgang (fordøyelseskanal) utan føregåande tilverking, rett på jorda. Slikt spreieareal må vere fulldyrka eller overflatedyrka. Kommunen kan også godkjenne innmarksbeite som spreieareal.
Du må anten ha spreieareal sjølv, eller gjere avtale med andre som har ledig spreieareal. Det er uansett ikkje tillate å bruke hestegjødsel i utmark eller på jorddeponi. Hestegjødsla må spreiast på overflata eller blandast i topplaget, altså i planta si rekkevidde, slik at tilgjengelege næringsstoff frå gjødsla blir tekne opp. Innblanding av fersk eller kompostert hestegjødsel i jordmassar og i attlegg, er berre tillate i topplaget.
God praksis blir forventa, sjå KSL-regelverket (rettleiar 1, Generelle krav til garden)
Gjødselplanen og gjødselvareføresegna seier noko om spreieareal og mengde nitrogen for planta etter vekstvilkår. Det er grenser for når gjødsla kan spreiast. Generelle reglar for dette finn du i gjødselvareforskrifta. Kommunen der gjødsla skal spreiast, kan òg ha eigne reglar for spreietidspunktet. Hestegjødsel kan berre spreiast i same fylke som gjødsla kjem frå.
Gjødslingseffekt
Hestegjødsel med mykje strø av sagflis har normalt dårleg gjødslingseffekt i fersk tilstand. Gjødslingseffekten blir betre etter kvart som gjødsla blir omdanna i kompostering. Gjødsla bør anten bli kompostert før bruk, eller ein bør unngå sagflis og spon som strø. Krava til lagring og bruk gjeld også hestegjødsel som er blanda med mykje strø.
Rett komposteringsanlegg på eigen gard av eigen hestegjødsel treng inga godkjenning frå Mattilsynet. Komposten kan då berre brukast på eige spreieareal og kan ikkje omsetjast.
Levering til godkjent mottak
Den delen av gjødsla som ikkje blir spreidd på godkjent spreieareal, kan leverast til anlegg som er godkjent for mottak av Mattilsynet og har løyve etter forureiningslova frå Statsforvaltaren. Dette kan til dømes vere anlegg som brukar gjødsla til biogass eller til framstilling av jordforbetringsprodukt og gjødselprodukt.
Kompostering av hestegjødsel frå eige føretak til bruk på eige areal krev ikkje godkjenning frå Mattilsynet eller Statsforvaltaren. Dersom du tar imot hestegjødsel frå andre og har meir gjødsel enn til eige bruk, er det krav om godkjenning. Godkjenninga frå Statsforvaltaren gjeld avrenning og lukt, medan godkjenninga frå Mattilsynet gjeld smittestoff.
Det er krav til ein viss kvalitet på produserte gjødsel- og jordforbetringsprodukt, mellom anna registrering av produktet og godkjenning av anlegget frå Mattilsynet (jf. gjødselvareforskrifta kap. 2-5 og biproduktføresegna artikkel 5).
Mellom anna må gjødsla vere hygienisert og stabilisert før omsetting. Det er ikkje lov å omsetje eller gi vekk hestegjødsel utan at produksjonen er godkjent og produktet er registrert av Mattilsynet.
Hestegjødsel som har blitt lagra over lengre tid hos oppstallaren, er likestilt med ferskprodusert gjødsel. denne gjødselen kan ikkje bli omsett som kompost og berre spreiast på godkjent spreieareal.
Kontroll
Kvart hestesenter, rideklubb og privat oppstallar har sjølv ansvaret for å finne løysingar som ikkje inneber forureining eller ulovleg deponering av gjødsel frå stallplassane. På førespurnad frå kommunen eller Statsforvaltaren, må de kunne vise dokumentasjon på bruk eller levering til godkjent anlegg. Blir gjødsla levert til ein bonde, må han også kunne vise til ein slik avtale og dokumentere bruken i gjødselplanen sin.
Kommunane følgjer opp krava til lagring og bruk av hestegjødsel. Kommunen skal pålegge tiltak dersom tilhøva i dag ikkje er i tråd med regelverket. Det kan også bli aktuelt med tvangsmulkt for å sikre at tiltaka blir gjennomført. Kommunen vurderer også avkorting av produksjonstilskot til føretaka det gjeld. I alvorlege tilfelle må kommunen vurdere melding til politiet. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med korleis kommunane forvaltar miljøregelverket.
Kjelde: Statsforvaltaren i Vestland.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Bjørnafjorden landbrukskontor dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon om handtering av hestegjødsel.