Tilskot til skogkulturTilskot i skogbruket skal stimulere til auka verdiskaping, berekraftig utnytting av skogressursane, og bevaring og utvikling av miljøverdiar i skog. Du kan søkje om tilskot til skogkultur (planting, ungskogpleie), tettare planting og gjødsling som klimatiltak. Tilskotsatsar er forskjellig frå kommune til kommune. I strategien for nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) finn du ei oversikt. Sjå retningslinjer for kommunane si tildeling av NMSK –midlar Fusa, Os, Samnanger og Tysnes 2018-2022 (PDF, 165 kB) Du finn fleire ordningar på Landbruksdirektoratet si nettside. Publisert av Martha Heggland Sist endra 11.08.2023 09:39