Tilskot til vegbygging i skog

Du kan søkje tilskot til bygging av ny eller ombygging av eksisterande skogsveg når dette bidreg til heilskapelege løysingar som gir grunnlag for utnytting av skog- og utmarksressursane.  

Når må du søkje?

Du må søkje om godkjenning for nybygging og ombygging av landbruksveg.  Du kan ikkje starte tiltaket før du har fått løyve frå kommunen.  

Dersom tiltaket kan ha vesentleg negativ påverknad på naturmangfald, landskap, kulturminne, friluftsliv, omsyn til fare for flaum, erosjon og lausmasseskred, og andre interesser som blir påverka av vegframføringa, må du søkje godkjenning.  

Du treng ikkje søkje godkjenning for:  

  • Opparbeiding av oppstillingsplass for landbruksmaskinar til bruk på eigedomen eller enkle avkøyrsler frå godkjende landbruksvegar.  
  • Enkle og mellombelse driftevegar som berre fører med seg uvesentlege terrenginngrep.  
    • Uvesentlege terrenginngrep er planering med samla omfang på inntil 150 meter eller på areal mindre enn 450 m², der fylling/skjering ikkje fører til meir enn 1 meter avvik frå opphavleg terrengnivå.  

Byggeplan

Byggeplan må vere godkjend før anleggarbeidet startar.  

Byggeplanen skal innehalde:  

  • Senterlinje  
  • Kart som viser kor vegen skal ligge, i målestokk 1:5000 eller 1:10000  
  • Lengdeprofil (unntak for vegar utan kritisk stigning)  
  • Tverrprofilar i masseutrekning (for store anlegg)  
  • Arbeidsskildring 
  • Avtalar ved fellestiltak  
  • Fastsetting av vilkår  
  • Informasjon om klage, kontroll og omgjering 
  • Oversiktskart i målestokk 1:50000  

Vilkår for tilskot

  • Vegprosjektet har ein standard for den aktuelle bruken  
  • Vegen blir bygd i samsvar med gjeldande normalar for landbruksvegar  
  • Vegstandarden er tilpassa skogen og det aktuelle området  
  • Større veganlegg er planlagt av ein godkjend vegplanleggar  
  • Veglinja er godkjent av kommunen  
  • Kostnad for traktorveg klasse 7 er vurdert opp mot kostnad for bilveg  

Prioriterte prosjekt

  • Større fellesanlegg 
  • Vegar i samband med vindfallhogst  
  • Tilkomst/hovudanlegg med mykje hogstmoden skog og store produktive skogareal  
  • Andre anlegg i tråd med hovudplan for skogsvegar eller prosjektarbeidet knytt til  områdeplan 
  • Bilvegar framfor traktorvegar. Traktorvegar i vegklasse 7 kan likevel vere tilkomstveg.   

Det skal normalt ikkje bli gitt tilskot til vegklasse 8 og vegar med lågare standard.  

Tilskotsatsar

  • Sekundærveg/traktorveg: 25-45 %
  • Bilveg/tilkomstveg : 30-60 %

Tillegg til tilskot med vegplanleggar:

  • Detaljplanlegging: 4 %
  • Utarbeiding av anbod: 3 %
  • Oppfølging av anlegget under bygging: 10 %

Skogsvegar i vegklasse 2 til 7ka, for dekningsområdet til vegen, kan få tilskot med inntil kr 7000 per dekar for areal i hogstklasse 2-4, som er tilplanta med gran, og inntil kr 160 per m3 gran og furuskog i hogstklasse 5.
For lauv, inntil kr 100 per m3 i hogstklasse 5. 

Kommunen kan gi tilskot til overordna vegplanlegging.  

Slik søkjer du

Send søknaden til kommunen saman med kartgrunnlaget.
Landbrukskontoret registrerer søknaden, prioriterer og behandlar han. 

  • Budsjetterte kostnadar for vegen skal vere kjent før du søkjer om tilskot. Anbod eller fast pris er vanleg.   
  • Løyve til avkøyring frå offentleg veg skal vere gitt før du søkjer om tilskot.  
  • Du skal føre rekneskap for veganlegget med utgifter utan mva.
  • Utgiftene i rekneskapen skal  vere dokumenterte med fakturaer eller timelister ved eigeninnsats.
  • Grunnlag for utbetaling av  tilskot er rekneskapssamandrag.  

 Søk om tilskot til vegbygging i skog

Kontakt

Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269