Kognitiv åtferdsterapi i praksis: Å handtere livet når det er vanskeleg

Kurset er ein del av Rask psykisk helsehjelp (RPH)

Tilbodet passar for deg som:

  • Slit med overdriven grubling og bekymring 
  • Er trist eller nedstemt 
  • Opplever at angst og indre uro begrenser deg
  • Opplever stress og belastning i kvardagen

Kurset gir ei innføring i kognitiv åtferdsterapi og psykisk helse. Kurset vil ha ulike tema kvar gong, og gi deg nyttige styrkeøvingar for di psykiske helse.
Mellom kursdagane er det lagt opp til at du skal jobbe på eiga hand med ulike tema.
For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats, og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.

Tilbodet er gratis.

Tid og stad

  • Kurslokale: Dragesetbygget, Torggt. 2, 5200 Os (vi hentar deg på venterommet i 2. etasje). 

    Kurshaldarar: Hildegunn Breivik og Ane Rørvik

    Kursdatoar våren 2026:

    • Tysdag 28.04, kl. 13-15
    • Tysdag 05.05, kl. 13-15
    • Tysdag 12.05, kl. 13-15
    • Tysdag 19.05, kl. 13-15 

Er dette aktuelt for deg?

Send oss ein førespurnad (logg på med BankID):
Du kan òg ringe telefon 474 67 473, måndagar og onsdagar kl. 12-14. Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.

Om du ikkje har moglegheit for å fylle ut digitalt skjema, kan du ta kontakt med oss på e-post: rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.