Nytt team skal førebygge radikalisering, ekstremisme og æresrelatert vald i Bjørnafjorden

Å forhindre radikalisering, valdeleg ekstremisme, negativ sosial kontroll og æresmotivert vald er ei viktig samfunnsoppgåve som går på tvers av samfunnssektorar og fagområde. 
No har Bjørnafjorden kommune sett saman eit eige team som skal jobbe med desse utfordringane. 

I Tverretatleg operativt team (TOT) sit kommunalt tilsette med ulik kompetanse. Alle kan ta kontakt med teamet, både privat- og fagpersonar. Du treng ikkje oppgi namnet på den du er bekymra for.

Les meir og sjå kontaktinformasjon

Unsplash

Bjørnafjorden kommune har utarbeida ein eigen rettleiar for Førebygging av  radikalisme og valdeleg ekstremisme. Her finn du kort og god informasjon om kva radikalisering og valdeleg ekstremisme er, kva teikn du bør sjå etter og kva du som privatperson eller fagperson bør gjere dersom du er uroa.