To nye Miljøfyrtårn i Bjørnafjorden

I dag har ordføraren overlevert synleg bevis på at Unik Filtersystem AS og Iteam er sertifiserte Miljøfyrtårn. 

Dagleg leiar Arne Johnny Boge i Unik Filtersystrem AS og ordførar Trine Lindborg.

- Dette er ein veldig kjekk måte å bli betre kjent med lokalt næringsliv. Det er interessant å høyre korleis bedriftene jobbar både for å bli sertifiserte, og for å oppretthalde statusen som Miljøfyrtårn. Det forpliktar å skulle levere ein årleg miljørekneskap, seier ordførar Trine Lindborg.

Unik først ut 

Unik Filtersystemer AS leverer reinseanlegg for drikkevatn til både privatkundar og kommunar. Prosessen fram mot Miljøfyrtårn-status har gått over to år. For å oppnå sertifiseringa har bedrifta forbetra kjeldesortering og merking av kjemikaliar. Dei må òg oppfylle krav til miljøfotavtrykk m.a. for transport frå underleverandørar. Dagleg leiar Arne Johnny Boge understrekar at jobben ikkje er gjort ein gong for alle. Når no status som Miljøfyrtårn er oppnådd, gjeld det for dei 11 tilsette å følge opp i praksis.
 

Erik Hunhammer frå Iteam tok imot plaketten til lokalkontoret i Bjørnafjorden.

IT-fyrtårn   

IT-selskapet Iteam arbeider langsiktig med berekraft, i tråd med FN sine berekraftmål. Målet er miljøsertifisering for alle dei 30 lokalkontora i landet. I dag fekk IT-konsulent Erik Hunhammer beviset på at kontoret på Osøyro, som han driv saman med kollega Samund Nordang, er Miljøfyrtårn-sertifisert.