Velkommen til ny frivilligbørs, 9. september 2026!

Sportsutstyr i bytte mot skiprepp og folk til vareteljing, eksamensvakter i bytte mot lokale til medlemsmøte og livredningskurs i bytte mot lokale til svømmeleir. 
Dette er nokre eksempel på dei i alt 27 avtalane om utveksling av tenester som blei inngått mellom 20 ulike lag, organisasjonar, bedrifter og kommunale tenester på tidenes første frivilligbørs i Bjørnafjorden kommune i fjor. 

– Dette var både kjempegøy og kjempenyttig! Her burde endå fleire ha vore, var tilbakemeldinga frå mange av fjorårets deltakarar. Les meir om fjorårets frivilligbørs her

No inviterer Os frivilligsentral på nytt til frivilligbørs, 9. september 2026. 
Har laget, organisasjonen, bedrifta eller tenesta du er ein del av lyst til å få i gang noko, men treng hjelp frå andre for å setje ideen ut i livet? 
Kom på frivilligbørsen!

Os frivilligsentral inviterer med dette til ny frivilligbørs, onsdag 9. september 2026 kl. 18-20 på Bjørnafjorden hovudbibliotek på Os.

OBS! Ikkje pengar – berre utveksling av tenester.

Påmelding til frivilligbørs

Kva oppgåver treng de hjelp til? Kva kan de tilby i gjengjeld?

Her er det berre å vere kreative! På frivilligbørsen kan de fortelje andre lag, organisasjonar, bedrifter og kommunale tenester kva de har behov for, og samstundes kva de kan tilby andre i gjengjeld. I løpet av dei to timane arrangementet varer, skal nye idear og samarbeidsavtalar oppstå. 

Kva skjer på frivilligbørsen?

Kl. 18.00 Plakatverkstad, mat og drikke

Frivilligbørsen startar med ein plakatverkstad. Alle skriv på plakaten kva dei treng og kva dei kan tilby. (Det er lurt å ha tenkt gjennom dette på førehand).

Kl. 18.30 Frivilligbørsen opnar

Her er det ingen stands –  alle beveger seg fritt omkring med plakatane sine, les kva dei andre fortel og snakkar saman.

Avtalar blir inngått
Når de har funne nokon de vil samarbeide med, lagar de ein skriftleg avtale.

Kl. 20.00 Frivilligbørsen stenger

Bli inspirert av avtalar som blei inngått på fjorårets frivilligbørs:

– Sportsutstyr i bytte mot skiprepp og folk til vareteljing, eksamensvakter i bytte mot lokale til medlemsmøte og livredningskurs i bytte mot lokale til svømmeleir. 
Dette er nokre eksempel på dei i alt 27 avtalane om utveksling av tenester som blei inngått mellom ulike lag, organisasjonar, bedrifter og kommunale tenester på tidenes første frivilligbørs i Bjørnafjorden kommune, onsdag 4. juni 2025. Les meir: Kraftig oppgang på frivilligbørsen

 

 

Vi håpar de blir med på ein triveleg kveld med moglegheit for effektiv nettverksbygging og spennande samarbeid på tvers av kommunale einingar, frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv!
Vi gler oss!

Kontakt

Stine Kobbeltvedt
Leder
Telefon: 94396618
Mobil: 94396618
Hege Kathrin Varhaug-Lekven
Spesialkonsulent
Telefon: 90990272
Mobil: 46840240