Svangerskapskontroll

Er du gravid? Då kan du få tidleg samtale, svangerskapskontroll og individuelt tilpassa oppfølging på Osøyro nærjordmorsenter eller Eikelandsosen nærjordmorsenter.

Her finn du oss
  • Osøyro nærjordmorsenter, 2. etasje i Bjørnafjorden rådhus, inngang B på Osøyro. 
  • Eikelandsosen nærjordmorsenter / Eikelandsosen helsestasjon, 2. etasje i Tombrebygget ved Fjord'n senter.
Slik bestiller du time hos jordmor

Bjørnafjorden kommune har fire jordmødrer. Du vil få tildelt time hos den som har ledig kapasitet. Jordmor i Eikelandsosen vil vere til stades på nærjordmorsenteret på tysdagar frå 10. januar 2023.

Under ferieavvikling, vil all svangerskapsoppfølging skje frå Osøyro nærjordmorsenter.

Elektronisk innskriving i fødejournal

Ved innkalling til rutineultralyd i veke 18 vil du få innkallingsbrev på helsenorge.no med informasjon og lenke til innskrivingsskjema. Fyll ut og send inn skjemaet via helsenorge.no i god tid før rutineultralyd i veke 18.

Nyttig informasjon for deg som er gravid

 

Helseinformasjon for gravide

Gravid? Helsenorge.no
Her finn du informasjon om graviditeten veke for veke, svangerskapskontrollane, vanlege plager og kva du bør passe på som gravid.

Gravid-temasider hos Folkehelseinstituttet (FHI)
Reiseråd, anbefalte vaksinar for gravide, screening

Helseoversikt.no
Gratis, norskutvikla app som gir deg trygge og relevante helseråd og verktøy samla på éin stad.

Vaksinar i svangerskapet
Folkehelseinstituttet si oversikt over anbefalte vaksinar for gravide 

mammamia.app
Mamma Mia er eit forskingsbasert sjølvhjelpsprogram som fremmar helse og trivsel for mor, barn og partnar under graviditeten og etter fødsel.

Arbeid, pengar og rettar

Kva kan du og barnet ditt ha rett på (NAV)
Om svangerskapspengar, foreldrepengar, farskapserklæring.

Graviditet og arbeidsmiljø (Arbeidstilsynet)
Nokre arbeidsmiljøforhold kan verke uheldig inn på graviditet. Det er ikkje sikkert arbeidsgivaren din tenker på kva du treng. Snakk derfor med arbeidsgivaren om kva for tilretteleggingsbehov du har - spesielt om du har eit arbeidsmiljø med kjemikalier eller strålefare.

Gravid i jobb (Idébanken)
Informasjon til arbeidsgivarar om tilrettelegging i arbeidslivet.

Amming og mating

Ammehjelpen
Alt om amming og mating av barnet ditt.

Spedbarnsmat og amming på Helsenorge.no
Faglege råd om amming og spedbarnsernæring.

Video med råd om amming
Videoen viser korleis du best legg barnet til brystet. 

 

Underliv og trening av bekkenbotn

Kvindekrop.dk
Informativ dansk side med gode øvingar for å styrke muskulaturen i underlivet.

Bekkenbunnstrening - St Olavs Hospital

Kvifor er det lurt å trene bekkenbotn og korleis gjer du det?

Vald og overgrep

Din utvei
Her finn du kvalitetssikra informasjon om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Søk etter hjelpetilbod nær deg. Få svar på det du lurer på om vald og overgrep i spørsmålstenesta.
Nok.Bergen
Kompetansesenter mot seksuelle overgrep.