Spesialpedagogisk hjelp barnehage

Nasjonalt og lokalt er det stort fokus på systemarbeid som skal sikre eit inkluderande og godt tilpassa allmennpedagogisk barnehagetilbod som tar i vare mangfaldet av barn med sine styrkar og utfordringar.

Barnehagelova §33 skisserer eit todelt mandat for PPT som må sjåast i samanheng:  

  • Hjelpe barnehagane i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge barnehagetilbodet for barn med særlege behov.
  • Utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det.

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova §31 dersom dei har særlege behov for det. Retten gjeld også barn som ikkje går i barnehage.

Føresette kan ta kontakt 

Dersom føresette lurar på om barnet treng spesialpedagogisk hjelp, tar dei først kontakt med barnehagen for å drøfte bekymringane sine. Dersom barnet ikkje går i barnehagen, kan føresette gjerne drøfte bekymringane sine med helsestasjonen, eller ta direkte kontakt med PPT.

Alle barnehagar har sin faste kontaktperson i PPT. Så lenge føresette har gitt samtykke, kan barnehagen søke råd og rettleiing frå PPT. Det er jamlege besøksdagar til samarbeid i den enkelte barnehage. Agenda på besøksdagar kan til dømes vere observasjonar, tverrfaglege drøftingar i ressursteam, hjelp til utarbeiding av tiltaksplanar, samla møte med føresette og andre involverte, kurs og kompetanseheving med meir.

Kva skjer vidare?

Dersom ein etter målretta og dokumenterte tiltak i bekymringsfasen kjem til at eit barn truleg har behov for spesialpedagogisk hjelp, kan det bli aktuelt med tilvising til PPT for sakkunnig vurdering. Dersom PPT tilrår spesialpedagogisk hjelp og enkeltvedtaket følger rådet, er det Pedagogisk Fagsenter som effektuerer vedtaksfesta timar til spesialpedagogiske tiltak. 

Føresette kan alltid ta direkte kontakt med PPT dersom dei har spørsmål. PPT arbeider ikkje i enkeltsaker utan at barnehagen har henta samtykke frå føresette. Systemstøtte til barnehagen på avdelingsnivå krev ikkje samtykke frå den enkelte.
 

PPT i Bjørnafjorden kommune

Pedagogisk-psykologisk teneste er ein del av "Familiens hus" i Bjørnafjorden kommune. Familiens hus er ikkje eit faktisk, fysisk hus. Det er ein måte å organisere tenester til barn, unge og familiar på.

PPT høyrer heime i eininga Barn, unge og familiar, ein av tre einingar i Familiens hus. 

Slik når du PPT på telefon 
Ring Familiens hus på 56 57 51 00
Tast 2 for Barn, unge og familiar,
deretter tastar du 4 for PPT

Send e-post 

Kontakt

Annveig Myklebust Fjellstad
Leder
Mobil: 41235723