Å vise til ei lov Skriv lover med liten forbokstav. Den einaste lova du skal skrive med stor forbokstav er Grunnlova. Du kan nesten alltid bruke kortforma av namnet på lova, og då kan du alltid skrive nynorsk. I staden for å skrive lov om barnehager, kan du skrive kortforma barnehagelova. I staden for lov om målbruk i offentleg teneste, skriv mållova, plan- og bygningslova, opplæringslova, straffelova og så bortetter. Dersom du må vise til ei lov med det nøyaktige namnet til lova, må du bruke den målforma lova er skriven i: t.d. er lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa på nynorsk, medan lov om barnehager, lov om vern mot forurensninger og om avfall er skriven på bokmål. (Du finn ut om lova er skriven på nynorsk eller bokmål ved eit raskt søk i lovdata.no). Det er liten forbokstav i lovnamnet og mellomrom etter paragraf-teiknet: utlendingslova § 21. Skriv heile namnet på lova med forkorting i parentes: plan- og bygningslova (pbl) første gong i teksten. Deretter er det greitt med forkorting.P.S. Du kan skrive både ei lov/lova og ein lov/loven.Tilbake til hovudsida Publisert 05.06.2020 11:11