Plikt til å unngå forureining og forsøpling
Ingen må lagre eller handtere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet (forureiningslova §28).
Kvar enkelt har ansvaret for å frakte avfall som møblar, kvitevarer, hageavfall, bil- og båtvrak og anna avfall til miljøparkane i kommunen eller til andre godkjente mottak.
Miljøparken i Kolskogen
Miljøparken i Eikelandsosen
På same måte har du som abonnent ansvaret for at det er orden og ryddig rundt dine avfallsdunkar. Er hyttekonteinaren full, må du ta med avfallet til ein annan konteinar eller ta med deg avfallet heim.
Driv du kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel og liknande har du ansvaret for å sette opp og tømme avfallsbehaldaren i nærleiken av salgsstaden din (forureiningslova § 35).
Utslepp frå private avløpsanlegg er berre tillate etter godkjenning frå kommunen. Har du eit privat avløpsanlegg er du sjølv ansvarleg for at anlegget med tilhøyrande leidningar blir bygd og halde ved like, slik at det er i samsvar med løyvet som er gitt og at det ikkje går ureinsa kloakk i terrenget/naturen.
Hageavfall
Det er ikkje lov å kaste hageavfall i naturen. Hageavfall kan du anten kompostere i eigen hage eller levere til godkjent avfallsmottak.
Dumping av hageavfall i naturen kan føre til at plantar som ikkje høyrer heime i norsk natur blir spreidde og kan forstyrre det naturlege plante- og dyrelivet. Dumping av hageavfall i naturen og på friområde blir rekna som forsøpling og er ulovleg.
Døme på framande skadelege planteartar er parkslirekne, hagelupin og kjempespringfrø. Sjå full oversikt på Fremmedartslista.
Skal du kaste plantar som er omfatta av Fremmedartslista, skal du ha dei i tette, lukka plastsekkar og levere dei på miljøstasjonen.
Båtar og bilar
Lagring av bilvrak, båtvrak og andre større maskiner fører til høg risiko for forureining og kan vere skjemmande for omgjevnadane. Bil- og båtvrak skal ikkje oppbevarast i naturen eller på privat eigedom, men leverast til godkjent avfallsmottak. Kommunen kan pålegge fjerning og opprydding både til eigar og til grunneigar der oppbevaring skjer.
Fyllingar
Alt avfall skal leverast til godkjent mottak. Forsøpling og oppbevaring av avfall i eit område kan føre til ei ulovleg avfallsfylling på kort tid. Dette verkar skjemmande i naturen og for omgjevnadane, og kan få uheldige verknadar for miljøet.
Dersom du som grunneigar oppdagar avfall som er dumpa på eigedomen din, må du sjølv ta ansvar for at dette ikkje utviklar seg og setje i verk tiltak som hindrar vidare dumping.