Overordna i all saksbehandling ligg prinsippa om forsvarlege, likeverdige og behovsprøvde tenester.
Kva betyr det?
Forsvarlege
Tenestene skal vere forsvarlege, det vil seie dekke behova og vere i rett omfang, til rett tid og av god nok kvalitet. Forsvarleg treng ikkje bety at du får den tenesta du ønskjer eller i det omfanget du ønskjer.
Døme: Du meiner at du treng ein fast plass på sjukeheim (langtidsopphald). Vi ser at du framleis klarer ein del sjølv. Vurderinga vår er derfor at du kan bu heime med hjelp av heimesjukepleia eller andre heimetenester ei stund til. Dersom vi meiner at du klarer deg heime i tre månader til, får du avslag på søknad om langtidsopphald i sjukeheim.
Likeverdige
Likeverd er eit viktig prinsipp for at alle innbyggarane skal få lik tilgang på tenester uavhengig av betalingsevne, sosial status, religion, kjønn eller anna. I praksis betyr likeverdige tenester at vi gjer individuell vurdering av tenestebehov i kvar søknad.
Døme: Du søkjer om heimehjelp ein gong i veka, men får vedtak om kvar andre veke. Det betyr at kommunen kan hjelpe fleire som treng heimehjelp, samtidig som behova dine blir dekte.
Behovsprøvde
At tenesta er behovsprøvd betyr at du skal få den hjelpa du treng for å vareta helsa di og bu heime lengst mogleg. Dersom du har store og omfattande helseplager, får du tenester i større omfang enn om du klarer å gjere meir sjølv eller kan nytte hjelpemiddel.
Døme: Dersom du har vanskar med å ta medisin til rett tid, kan du få eit hjelpemiddel som gjer at du klarer det sjølv. Ein annan søkjar klarer ikkje å handtere eit slikt hjelpemiddel, og treng derfor besøk frå heimesjukepleia for å ta medisinen.
Meir informasjon om søknadsprosess, vedtak og klage finn du her