Bli med på laget i Bjørnafjorden kommune!

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Gå til ledige stillingar i Bjørnafjorden kommune

Fellesskap. Omsorg for kvarandre. God oppfølging og fagleg spennande utfordringar. Som nytilsett i Bjørnafjorden kommune får du alt dette!

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som speglar seg i vår misjon “Det gode liv for alle”.

Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Gå til ledige stillingar i Bjørnafjorden kommune

Reiseveg frå Bergen

Det tar cirka 15 minutt å køyre frå Bergen sentrum til Os, via nye E39 Rådal-Svegatjørn.

Trygge arbeidstakarar

Vi er opptatt av at nye tilsette skal føle seg trygge i jobben sin, og har fleire ordningar som skal sikre dette:

  • “Ein sterk start” – introduksjonsprogram og oppfølgingsløp for nytilsette i kommunen.
    • Sikrar gradvis innføring, meistring og ro i den nye jobben din.
    • Eige opplegg for nyutdanna høgskulepersonell.
  • Forsterka oppfølging av nytilsette som er nyutdanna:
    • Månadleg oppfølging og rettleiing
    • Fagdagar med fokus på refleksjon, vidareutvikling og opplæring
  • Nettverk for nyutdanna lærarar

Bjørnafjorden kommune har interne opplæringstiltak innanfor alle sektorar.

Gå til ledige stillingar i Bjørnafjorden kommune

Spennande prosjekt vi jobbar med no

Vi jobbar med mange spennande prosjekt innan sektorane våre: Samfunnsutvikling, Helse og velferd og Oppvekst.
Digitalisering og innovasjon i helsesektoren

Bjørnafjorden kommune vann Huskeprisen 2021 for tiltaket “Digitalisering av livshistoria til personar med demens”. Målet er at livshistoria skal følge brukaren saumlaust på tvers av helse- og omsorgstenestene. Både heimabuande brukarar av demensteam og dagtilbod og bebuarar på sjukeheim, har fått si livshistorie digitalisert. Tiltaket har involvert brukarar, pårørande og tilsette.

INCA

Eit innovasjonsprosjekt i samarbeid med Bergen kommune, Kunnskapskommunen, Senter for omsorgsforskning og Norce Samfunn/Helse Rogaland. Målet er å skape ein berekraftig organisasjonsmodell for heimebaserte tenester, slik at innbyggarane i Bjørnafjorden bur i eigen bustad lengst/mest mogleg, og med så stor grad av eigenmeistring som råd.

Arbeid for ein betre barndom

Vi har òg starta på to store nasjonale reformar:

Barnevernsreforma/Oppvekstreforma:

Vi har starta arbeidet med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Eit 3-årig folkehelsearbeid for barn og unge:

Våren 2021 starta vi opp det treårige folkhelsearbeidet VERD-SETT, som skal bygge system som sikrar god folkehelse blant barn og unge. Her treng vi gode og engasjerte folk med på laget!

Framtidsretta kommune

Bjørnafjorden kommune skal vere nytenkande, endringsvillig og yte treffsikre tenester. I helsetenestene ønskjer vi å bruke velferdsteknologi, mellom anna i demensomsorga og for å få eit meir berekraftig omsorgs- og servicetilbod i kommunen.

Bjørnafjorden kommune er ein del av DigiVestland – eit digitaliseringssamarbeid mellom kommunar i Vestland fylke.

Gå til ledige stillingar i Bjørnafjorden kommune