Opne luke 13: 1964. Fusa, Strandvik og Hålandsdalen blir ein kommune - igjen

I 1903 var oppdeling på moten på alle nivå. Noreg hadde tenkt seg ut av unionen med Sverige, og norske kommunar kunne knapt bli små nok. Fusa blei delt i tre . Men då staten hadde fått tenkt seg om nokre tiår, var det snuoperasjon på gang. Vi slår saman! I 1964 var dermed Fusa kommune versjon 3 eit faktum, med Peter Haugarvoll som første ordførar. 

I 1946 sette staten ned Kommuneinndelingskomiteen, og dermed var vi i gang. Lang, grundig prosess gjort kort: Fusa, Hålandsdalen og Strandvik skulle igjen bli ein kommune. Men kva skal kommunebarnet heite? Det stod mellom Fusa og Strandvik, med rasjonelle, historisk funderte argument for begge namna. Då dei tre heradstyra møttest hausten 1962, innkalla av Fylkesmannen, for å avklare ein heil del spørsmål, stemte dei over namnet på den ny-gamle kommunen. Det blei Fusa, med 33 stemmer, mot 10 stemmer for Strandvik. 

Lokallistebonanza

I 1963 blei kommunevalet avvikla som om Fusa alt var ein kommune. Det nye kommunestyret skulle ha 29 medlemmer. Ok, dette tar litt plass, men namna på listene folk kunne velje mellom, fortener å få vere med her: 
“Ni lister stilte til val, av dei var berre ei partiliste. Av dei 187 kandidatane var det 10 kvinner - fordelt på fem lister. Det vart røysta på 18 røystestader, og valdeltakinga var 74 prosent. […] Arbeidarpartiet fekk 10 prosent av røystene, og bygdelistene delte resten mellom seg. Det første kommunestyret fekk følgjande representantar: Ådlandsfjordlista: 3, Krinslista for Eikelandsosen: 4, Valliste for Fusa og Foerbygda: 2, Hålandsdalslista: 4, Valliste for Vinnes og Strandvik krinsar: 5, Sævareidfjordens krinsliste: 2, Bygdeliste for Revnestrand: 2, Valliste for Sundvor kapellsokn: 4 og det norske Arbeidarparti: 2.” (Henta frå Brekke Vangsnes: Heilt andre tider, band III, s. 38).
Dette kvalifiserer til å bli kalla hyperlokalval. Men beklagar, alle ny-fusingar anno 1963, på eit punkt skuffa de grovt: Ingen kvinner blei valt inn i det nye kommunestyret. Null av ti kandidatar. 

Hålandsdalen fekk ordføraren

Då Fylkesmannen kalla inn til konstituerande kommunestyremøte i oktober 1963, slo dei ni listene seg saman til fire. Formannskapet sine sju mann var frå alle dei tre snart-eks-kommunane. Naturleg nok var det ikkje heilt enkelt å samlast om ordførar.  Voteringa var tett, og sjølvsagt litt taktisk. Strandvik var størst av dei tre, og hadde framleis sterke vegbyggeønske (som for øvrig er lett å forstå. Dei hadde heilt frå før kommunedelinga i 1903 ønskt seg fleire nye vegar for å kunne kome seg rundt i Strandvik kommune uten å måtte i båt. (Sjå luke 11) Uansett, fusingane støtta Hålandsdalen sin kandidat Peter Haugarvoll, og til gjengjeld stemte hålandsdølane på Fusa sin varaordførarkandidat, Anders Samnøy. Varaordførar-valet var så tett som det kunne bli. Samnøy fekk 12 stemmer, Stein Hauge (siste ordførar i Strandvik) fekk 11, og Johannes Lygre fekk seks. 

Peter Haugarvoll tok utfordringa, og fann balansen. Han blei valt for Hålandsdalslista i 1963, og gjenvalt i 1967 og 1971, då for Senterpartiet. Ut frå eigne erfaringar kunne Haugarvoll truleg hatt eitt og anna å melde om prosessane både før og etter at Bjørnafjorden kommune var eit faktum 1. januar 2020. 

Kommunehistorisk boktips

Om du er det aller minste interessert i diskusjonane og argumenta for og imot før dei tre kommunane igjen blei til ein, er det berre ein ting å gjere: få tak i Ella Marie Brekke Vangsnes si bygdebok “Heilt andre tider. Fusa 1900-2000". Kjelda til dagens luke er band III. Då første band kom i 2003, erklærte meldaren i Bergens Tidende at det var “eit meisterverk, uvanleg godt skrive og ei lesaroppleving”. Den vurderinga står seg. 
Ingenting å lure på! Lån i dag. Begge filialane til Bjørnafjorden bibliotek har laurdagsope klokka 10-14. 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.