
Thore Sundvor hadde ein ganske annleis kommune å styre enn kollega Erik Holdhus i Hålandsdalen (sjå luke 10). Folketalet i Hålandsdalen var 637 folk, dei mangla kystline og hadde null industri. Strandvik herad hadde 1876 innbyggarar i 1903 og industristaden Sævareid, som hadde hatt kartongfabrikk frå 1868. Det dei ikkje hadde, var vegforbindelse mellom Strandvik og Sævareid.
Spenstige løyvingar
Sundvor var utdanna lærar, og fekk lærarstilling i heimbygda. Han var opptatt av skuleutvikling, og sat i skulenemda på fylkesnivå. Men i heradstyret var det meir snakk om veg enn om undervisning. Han arva ei vegsak som følgte han gjennom perioden. Alt i 1898 starta eit stort arbeid for å få veg frå Strandvik over Sævareid til Skogseid. Heradstyret vedtok å løyve 1/16 av kommunekassen til fire vegstrekker: Samnanger-Eikelandsosen, Eikelandsosen-Skogseide, Skogseide-Strandvik, Revne-Sævareid. Om du vil, kan du sjølv rekne på kor mykje veg vi ville fått i 2026 for 1/16 av foreslått kommunebudsjett .
Nytt forsøk
Uansett, 1/16-vedtaket var før kommunedelinga i 1903. Å få bygd veg Strandvik -Sævareid var igjen oppe til behandling i heradstyret i Strandvik under Thore Sundvor i 1905 og ein gong til i 1908, då det blei sendt til amtet (altså fylket) sitt vegstyre med anbefaling om å kome i gang. (Gratis tips til spørsmål i familiekvissen i jula: kven kan nemna den vegsaka som har versert lengst i kommunen vår?)
Open sum
Det blei ikkje veg på Thore Sundvor si vakt. Men saka levde. I 1911 løyvde heradstyret “det nødvendige” (modig løyving) til opparbeiding av nemnde strekk som hovudveg. Blei det veg? Nei.
I 1920 sette heradet ned ei vegnemd som gjekk nøye gjennom foreslåtte vegar og behov. Nemda slo fast at “projektet Strandvik-Sævereid og Sævereide-Revne og videre over Sundvord mot herredsgrendsen mot Kvinnherad er en betydelig gjennemgangslinje og faar saaledes en utpræget karakter av hovedvei".
Konklusjonen deira var at denne vegen må byggast, då kan ein knyte saman Strandvik kommune sine samla økonomiske interesser, og kople seg på nabokommunane. "Samfunnsnytte!" ville nok denne komiteen sagt i dag, og trekt parallellar til Victor Norman sine Hordfast-kalkylar. Overingeniøren i fylket sitt vegvesen tilrådde sjølinja, og gjekk opp trasé i 1920. Men samfunnsnytte og prioriteringar til tross, ingen veg kom. Traseen blei forresten lagt under ordførar Mikal Leigland (1920-37), så no går det litt fort i svingane her. Kanskje dukkar han opp i ei anna luke. Ingen veit.
Veg eller ikkje veg - Thore Sundvor gav seg som ordførar i 1910, og underviste til han var 70.
Er du ikkje lokalkjent i gamle Strandvik kommune? Søk opp Strandvik og Sævareid i kommunekartet, eller sjekk køyreruta i googlemaps, så ser du kvifor kommunal infrastruktur både på land og sjø var (og er) ei utfordring.
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.