Opne luke 8: 1994. Annlaug Tysseland blir første kvinne i ordførarstolen i Os

Ordførarjulekalenderen gjer eit hopp i tid, og landar midt på 1900-talet. 5. januar 1994 var det ein kort seremoni på ordførarkontoret, der Annlaug Tysseland fekk overrekt ordførarkjede, klubbe og nøkkel til kontor og beredskapslager. Etter 157 år blei det omsider ein liten pause i den lange rekka av mannlege ordførarar i Os. 

Annlaug Tysseland (1937-), portrettert av Kåre Kristiansen


Høgre og Samlingslista hadde avtalt å dele valperioden mellom seg, og Annlaug Tysseland overtok etter Ole Haakon Lunde. Tysseland hadde erfaring frå kommunestyret, og kjente elles systemet godt som tilsett på formannskapskontoret og kommunekassen i Os kommune.
Til lokalavisa sa Annlaug Tysseland at ho hadde fått mange positive tilbakemeldingar på at Os endeleg hadde fått ei kvinne i toppleiinga, og at målet hennar var å vere ordførar for alle: «Eg trur det er viktig å vera merksam på kva den berømmelge «grasrota» meiner og korleis dei har det. Kva er osingane opptekne av, og korleis vil dei at utviklinga i heimkommunen skal vera?» 

Landemerke i rundkøyring 

Tysseland var med då kommunestyret vedtok å bygge Oselvarverkstaden, og ho deltok på avdukinga av skulpturen “Undine” (etter full storm i lesarbrevspaltene). Nokre tema er evig aktuelle, så òg enkelte saker frå Annlaug Tysseland sin ordførarperiode. Kommunen og idrettslaga, for eksempel. I mai 1994 opna Tysseland Søre Neset idrettslag sin nye grusbane, og fekk takk frå idrettslaget for det kjempegode samarbeidet med kommunen. Banen blei opna med showkamp, Søre Neset mot kommunen. Det var god stemning, men frisk dømming, så fleire på kommunelaget spelte for sikkerhets skuld med hjelm. 

Tidleg bru-debatt

Vegtrasear er eit anna alltid aktuelt tema. I Tysseland sin periode stod kampen om bru over Ulvenvatnet eller ikkje. Det var høg temperatur på folkemøta, friske uttalar frå både kommune og fylke. Ein tilhøyrer avviste bekymringa for naturtap ved Ulvenvatnet med at det var lettare for fuglane å flytte enn for folka som budde langs foreslåtte trasera. 

Fleirtalet glapp

Temperatur eller ei, Annlaug Tysseland syntest to år var for kort, og ville gjerne ha ein ordførarperiode til. Ei av sakene ho ville jobbe var få bygd sentrumsnære bustader for eldre, slik at folk kunne bu heime lengre, og klare seg så godt som mogeleg sjølv. Det blei ingen ny ordførarperiode på Annlaug Tysseland, koallisjonen til ASmlingslista fekk akkurat ein representant for lite. Men det ho sa i valkampen i 1995 om kva slags bustader som trengst nær sentrum, det er så dagsaktuelt som det kan få blitt.   

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.