Vil du vere med å bygge framtidas omsorgsbustader i Bjørnafjorden?

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden står overfor ei stor endring i befolkningssamansettinga. 
Dei neste åra vil vi få mange fleire eldre og andre i brukargrupper med behov for omsorgstenester.
For at vi i kommunen framleis skal kunne gi desse brukargruppene helse- og omsorgstenester på ein god og effektiv måte, treng vi passande bustader, der dei kan få heildøgns omsorgstenester og aktivitetstilbod.

Dagens bustad- og tenestestruktur i Bjørnafjorden kan ikkje løyse morgondagens utfordringar. Derfor lyser vi no etter utbyggarar og tomteeigarar som vil vere med å bygge framtidsretta omsorgsbustader.

  • Dette er målet vårt

    Bjørnafjorden kommune har som mål å etablere 50-70 omsorgsbustader på Osøyro og 10-20 omsorgsbustader i Eikelandsosen fram mot 2030. Dette skal vere bustader for personar med vedtak om rett til heildøgns omsorg frå helse- og omsorgstenestene i kommunen. Utbygginga skal oppfylle krava om investeringstilskot frå Husbanken og momsrefusjon for omsorgsbustader frå Skatteetaten. 

    Bustadene skal ligge i sentrumsområde med gangavstand til butikkar og andre servicetilbod. Sentrumsområde er her definert som: 

    • For Osøyro: innanfor områdeplan Osøyro.
    • For Eikelandsosen: innanfor arealet mellom Fusavegen og Holmefjordvegen, ned mot fjorden.
  •  

    Dette søkjer vi etter

    • Bjørnafjorden kommune søkjer etter aktørar som vil bygge, eige og drifte omsorgsbustadene, medan kommunen forplikter seg til å leige bustadene i minst 30 år.  
    • Bjørnafjorden kommune vil framleige bustadene og levere helse- og omsorgstenestene til bebuarane.

    Vi ønskjer å kome i kontakt med aktørar som er interesserte i å gjennomføre prosjektet i Osøyro og/eller Eikelandsosen, og sikre gode og langsiktige løysingar for framtidige bebuarar. 

    Sjå heile utlysinga på Doffin (Database for offentlige anskaffelser)

Ta kontakt

Vi ønskjer å kome raskt i gang med arbeidet, og ber interesserte aktørar om å ta kontakt så snart som mogleg, og helst innan 30.11.2025, for å sikre nødvendig framdrift i prosessen. 
Ta kontakt med Bjørnafjorden kommune sin kontaktperson for prosjektet, Torgeir Sæter, på e-post: torsat@bjornafjorden.kommune.no