Anders Hauge (1901-96), portrettert av Sigurd BuggeHauge sat i formannskapet frå 1947, på fylkestinget i nesten to tiår, og møtte som vara på Stortinget. I første omgang var han ordførar til 1959, då Leif Strønen overtok, før Hauge kom tilbake i 1966-67. Då hadde partiet hans bytta namn til Senterpartiet. I tillegg til å vere banksjef i Os Sparebank, hadde Anders Hauge rundt 25 styreverv i årenes løp. Det høyrest unekteleg travelt ut. Kan det tenkast at kona Klara tidvis tok seg av ein heil del heime på garden?
Historisk kommunestyre
I 1952 blei Hauge første ordførar i Os som leia eit kommunestyre med både menn og kvinner. Maria Tveit representerte Venstre, og Margit Tøsdal Arbeidarpartiet. Det var fleire endringar på gang. Frå Hauge blei ordførar første gong til han takka av etter sin siste periode i 1967, hadde folketalet i Os stige frå knappe 6000 til rundt 8000. Senterpartisten innsåg truleg at generalplanutvalet for Bergensregionen sin spådom frå 1957 kom til å slå til: dei slo fast at det er neppe realistisk å “reservere alle nåværende jordbruksarealer til jordbruk i fremtiden”. Både Hauge og generalplanutvalet hadde garantert følgt dagens kommunale planarbeid med stor interesse.
Ny drikkevasskjelde
Fleire folk betydde utfordringar for kommunal infrastruktur, då som no. Skulebudsjettet blei tredobla i Hauge sin første periode, og fleire nye skulehus kom til. Vatn, avløp og renovasjon måtte òg oppgraderast. Kommunen overtok Osøren vassverk i 1953, bygde høgdebasseng i Mobergshaugane (i tilfelle du alltid lurt på kva den okergule giga-tønna er), og vedtok å utgreie Krokvatnet som vasskjelde, med tanke på komande utbygging i Os-dalen. Det var framsynt.
…og ny bossplass
Renovasjonsløysinga var kanskje litt mindre framsynt. På Osøyro var det tvungen renovasjon, det gjaldt både boss- og latrinetømming. Utanfor sentrum ordna folk seg sjølve. Fram til 1951 hadde Lars Valle renovatøroppdrag på Osøyro. Han henta bosset og tømte det på sin eigen eigedom. Då han slutta, trengtest ein ny tømmeplass. I 1952 blei det forhandla fram ei løysing med bossplass i Rødsliane, og ny renovatør overtok og tømte bosset der. Rottene i Rødsliane skal ha vore store som kattar.
Viss du synest temaet avfallshandtering framleis kjennest både aktuelt og engasjerande, har du heilt rett.
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.