No får du snart fleire spann

I løpet av dei neste tre vekene startar BIR utdeling av nye spann i Bjørnafjorden: eitt spann for glas- og metallemballasje og eitt for matavfall, dersom du ikkje allereie har det.

Over halvparten av det som hamnar i restavfallet, kunne vore sortert ut og fått ny verdi. Erfaringa viser at både mengda og kvaliteten på det som blir sortert, aukar når avfallet blir henta heime.

Endringane kjem som følgje av nye nasjonale krav til korleis kommunane skal samle inn avfall. Målet er å auke materialgjenvinninga, altså at meir av avfallet blir brukt som råstoff i ny produksjon i staden for å gå til forbrenning. Henting av alle dei kjeldesorterte avfallstypane er inkludert i renovasjonsgebyret.

  • Spann til glas- og metallemballasje

    I dette spannet skal du kaste tom emballasje av glas og metall, som til dømes syltetøyglas, hermetikkboksar, påleggstubar og aluminiumsformer. Kast glas og metall laust, utan pose. 

    • Du kan ta spannet i bruk med det same.
    • Innsamlinga startar på ulike tidspunkt, avhengig av adresse. Bruk returpunkta ved behov i mellomtida.
    • Du får SMS dagen før første tømming, og deretter blir glas- og metallemballasje henta kvar tiande veke.

    Les meir om sortering av glas og metall

    Bir
  • Spann til matavfall

    I dette spannet skal du kaste restar etter måltid og matlaging sortert i papirposar. Set papirposen oppi korga du får utdelt saman med spannet.

    • Du kan ta spannet i bruk med det same.
    • Du får SMS dagen før første tømmedag, og deretter blir matavfallet henta annakvar veke.

    Les meir om sortering av matavfall

Utdeling i område for område

Utdelinga av nye spann startar i Os-delen av kommunen rett over nyttår, før BIR jamt og trutt jobbar seg vidare austover fjorden. Etter planen skal alle i Bjørnafjorden kommune ha fått spanna sine i løpet av første halvår 2026.
Dei nye spanna blir leverte der du vanlegvis set ut restavfallspannet ditt for tømming. Du får SMS-varsel frå BIR når utdelinga nærmar seg området ditt. Hent spannet/spanna heim så snart som mogleg etter levering, slik at dei ikkje blir ståande til hinder.

Komposterer du? Då kan du reservere deg

Dersom du komposterer matavfallet heime heile året, kan du reservere deg mot å få utlevert matavfallsspann ved å bruke dette skjemaet på BIR sine nettsider. Meld frå så snart som mogleg. Spannet kan i enkelte tilfelle bli sett ut sjølv om reservasjonen er sendt inn. Spannet må då oppbevarast lett tilgjengeleg på eigedomen til BIR får henta det inn igjen.

Dele spann med andre?

Fleire husstandar i eit nabolag kan gå saman om å dele spann for éin eller fleire avfallstypar. BIR kan ikkje pålegge kundar å dele spann, så de må sjølve gå saman for å etablere eit samarbeid om deling av spann.
Meld inn ønskje om deling av spann ved å bruke skjemaet du finn på denne sida hos BIR.

Har du spørsmål?

Sjå svar på vanlege spørsmål på BIR sine nettsider, eller ta kontakt med BIR på telefon 55 27 77 00 (måndag–fredag kl. 9–11 og 12–15). Du kan òg sende e-post til bir@bir.no

Sjå også: No får du fleire spann til kjeldesortering - BIR