Bruk av termiske siktemiddel ved jakt på hjort
Kort fortalt:
Bjørnafjorden og Samnanger har opna for bruk av restlysforsterkande og
termiske siktemiddel ved ordinær jakt på hjort i ope terreng.
Tysnes har førebels ikkje opna for slik bruk.
Opna
Bjørnafjorden
Restlysforsterkande og termiske siktemiddel kan nyttast ved jakt
på hjort i ope terreng.
Les forskrifta på Lovdata
Opna
Samnanger
Restlysforsterkande og termiske siktemiddel kan nyttast ved jakt
på hjort i ope terreng.
Les forskrifta på Lovdata
Ikkje opna
Tysnes
Kommunestyret vedtok 24. september 2026 å utsetje saka til juni 2027.
Det er difor ikkje opna for bruk av slike siktemiddel ved ordinær
hjortejakt i Tysnes.
Kva seier regelverket?
Frå 1. juli 2026 er bruk av restlysforsterkande og termiske
siktemiddel som hovudregel forbode ved jakt. Kommunane kan gjennom
lokal forskrift opne for bruk ved jakt på hjort når vilkåra i
regelverket er oppfylte. Bruken er avgrensa til jakt i
ope terreng.
Jegeren skal rapportere bruk av restlysforsterkande og termiske
siktemiddel ved felling av hjort i Hjorteviltregisteret.
Reglane for bruk av slike hjelpemiddel ved ettersøk av påskoten hjort
er eigne reglar og må ikkje forvekslast med reglane for ordinær jakt.